Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde

Bjørn Morten Øen (61) er tilsett som direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde.

Publisert 27.08.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
To menn som står ved sidan av kvarandre.
Bjørn Morten Øen (til høgre) er ny direktør for kirurgisk klinikk. Her saman med administrerande direktør Arve Varden.

Øen har sidan medio februar fungert i stillinga som avdelingssjef for avdeling for AIO (anestesi, intensiv, operasjon, dagkirurgi, sterilsentral og legar anestesi) i Helse Førde. Det er ikkje endeleg avgjort når Øen tiltrer den nye stillinga. Truleg skjer dette i desember.

Bjørn Morten Øen har ei lang fartstid i Helse Førde bak seg, i ei rekke ulike posisjonar. Frå 2013 til 2021 var han avdelingsdirektør i Lotteri- og Stiftelsestilsynet, og kjem no tilbake til Helse Førde frå stillinga som sjef for akuttmedisinsk avdeling i Helse Bergen. 

- Som ny direktør for kirurgisk klinikk ser eg fram til å jobbe i lag med mange dyktige fagfolk og leiarar. Vi har eit viktig samfunnsoppdrag, og vi skal levere pasientbehandling av høg kvalitet, seier Øen, som vil bruke den første tida i jobben til å gjere seg kjent med klinikken, dei tilsette, oppgåver og utfordringar. - Oppdraget vårt skal vi løyse gjennom eit sterkt fagleg fellesskap.
 
Kirurgisk klinikk i Helse Førde omfattar åtte avdelingar med til saman nær tusen tilsette. Fram til Bjørn Morten Øen er på plass som direktør, vil Helge Robert Midtbø vere konstituert i stillinga. Vidar Øvrebø, stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, vil fungere tilsvarande lenge i stillinga som direktør for drift og eigedom som Midtbø innehar direktørfunksjonen i kirurgisk klinikk.
 
Stillinga som avdelingssjef for den nye avdelinga AIO i kirurgisk klinikk vil bli lyst ledig snarast. Avdeling for AIO består av seksjonane anestesi, intensiv, operasjon, dagkirurgi, sterilsentralen og legar anestesi. Fram til ny avdelingssjef er på plass vil Bjørn Morten Øen fungere i stillinga.