Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

No får du SMS-varsel om mammografiscreening

I slutten av januar i år fekk dei første kvinnene i Sogn og Fjordane eit SMS-varsel med påminning om mammografiscreening i Helse Førde. Slik påminning kan føre til at fleire kvinner møter til timeavtalen.

Publisert 06.03.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En gruppe mennesker som sitter i et klasserom
Kvinnene som skulle til screening denne dagen hadde motteke varsel på telefon med påminning om timen. -Dette er veldig bra, kom det unisont frå kvinnene. - Eg hadde kontroll, sa den eine, men det er så fort å gløyme seg.

Kvinner i vest er dei første i landet som får denne SMS-tenesta  

Kreftregisteret sender ut invitasjon til mammografiscreening digitalt eller som brev, rundt fire veker før oppsett time. SMS-varselet blir sendt ut tre dagar før oppmøte.  

Denne SMS-tenesta er eit resultat av eit initiativ frå Brystdiagnostisk senter i Bergen, i samarbeid med teknologiselskapet Helse Vest IKT og dei andre brystsentera i Helse Vest. 

God oppslutning om Mammografiprogrammet

Kvinnene i Sogn og Fjordane har i alle år slutta godt opp om screeningtilbodet i Kreftregisteret sitt Mammografiprogram. Helse Førde har ein stabil høg oppmøteprosent på 80 til 82 prosent. Men nokre melder stadig at dei har gløymt timeavtalen 

- I ein travel kvardag trur vi at dette varselet vil gjere det lettare å hugse avtalen, seier seksjonsleiar Reidun Brekke ved radiologisk seksjon. 

Brystkreft er den hyppigaste kreftforma hos kvinner  

Seint oppdaga brystkreft er ei av dei vanlegaste årsakene til kreftrelatert død. Studiar har vist at mammografiscreening reduserer dødelegheita av brystkreft.   

Foto av seksjonsleiar Reidun Brekke

Foto: Helse Førde

Seksjonsleiar Reidun Brekke

 

– Det er viktig at alle som er invitert møter til reservert tid. Denne screeninga gjer det mogeleg for oss å oppdage ein kreftsvulst tidleg. Å kunne diagnostisere  krefttilfelle i tidleg fase gjev ei betre prognose for kvinnene, seier Brekke.

 

 

 

Fakta om Mammografiscreening 

Omlag 3 prosent av kvinnene som kjem til mammografiscreening blir kalla inn til ei etterundersøking med tilleggsbilete. Då tar ein ofte ei ultralydundersøking også. Å bli kalla inn til etterundersøking betyr ikkje at ein har brystkreft. Kun ca. 20 prosent av dei etterinnkalla har brystkreft. 

 

Les også;

Om Mammografi i Helse Førde