Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

KI skal sjekke kvinner i Helse Førde for brystkreft

I veke 48 startar ein stor, banebrytande studie i Helse Vest. For første gong i Norge skal vi teste ut kunstig intelligens (KI) som verktøy for å avdekke brystkreft med reell mammografiscreening. Og kvinner i Helse Førde er blant dei aller første!

Publisert 27.11.2024
Sist oppdatert 12.12.2024
Helsepersonell ved eit røntgenapparat

Foto: Helse Førde

I studien som no er i gang skal KI brukast til å tolke mammografibilder.

Studien er kalla AIMS Norway og er med sine 140 000 deltakarar ein av verdas største randomiserte, kontrollerte studiar på KI og mammografiscreening. Målet er å undersøke om KI kan fungere like bra eller betre enn menneskeleg analyse som verktøy til å påvise brystkreft. Studien er eit samarbeid mellom FHI og helseføretaka. Kvinner som møter til mammografiundersøking i Førde denne veka er blant dei aller første som får sjansen til å delta i studien.

Helsepersonell ved eit røntgenapparat

Foto: Helse Førde

Sunniva Knapstad Hjertenes (t.h.) er fagradiograf i mammografi, og forskingsassistent i studien. Her saman med radiografane Randi Ninni Osmundnes Maheswaran og Sigrid Elise Storaas Slettehaug. 

  
Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant kvinner, og førekomsten held fram med å auke både blant yngre og eldre. Samtidig kjem mogelege endringar i screeningprogrammet, slik som utvida målgruppe og persontilpassa screening, kreve enda meir av allereie knappe legeressursar. Denne studien representerer såleis et stort steg for utviklinga av mammografiprogrammet, og kan gje viktige svar for framtidas brystkreftscreening.

Ein mann og en kvinne som ser på ein dataskjerm

Foto: Helse Førde

Kan kunstig intelligens fungere like bra eller betre enn menneskeleg analyse som verktøy til å påvise brystkreft? Dette skal studien Helse Førde deltek i finne svar på. Sunniva Knapstad Hjertenes, her saman med avdelingsleiar Børge Stavland. 

 

Meir om mammografiprogrammet kan du lese på Kreftregisteret sine nettsider.