Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Javier Barrios, ny kunstnar i Livabygget

Kunstnaren Javier Barrios var nyleg i Livabygget, Helse Førde sitt nye sjukehusbygg i Førde, for å montere fire kunstverk. Enkelt fortalt er dette maleri med ein lysboks bak. Kunstverka har ein god referanse til samfunnet vi lever i - med skjermar og informasjon gitt oss gjennom teknologi som er lyssett bakfrå. Medium som er ein stor del av kvardagen vår.

Publisert 03.05.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
Ein kunstnar som monterer eit kunstverk

Foto: Helse Førde

Kunstnar Javier Barrios monterer kunstverka sine i Livabygget.

- Det noko forførande med bruk av lys, seier Barrios. Det er lyset som gir ekstra tiltrekking, ein effekt som vi ser er der med ein gong. Det blir meir levande, seier Barrios. 

Dei fire kunstverka blir plasserte i kvar sin etasje. Då Barrios vart førespurt om å bidra til utsmykking fekk han ikkje stå heilt fritt.  Føringane var at fargar frå det gamle bygget skulle inn i det nye.  

- Eg har tenkt at det er fantastisk. Eg såg bilde frå det gamle sjukehuset og tenkte at det skal vere med videre. Det ei tidsreise, syttitalet med sin mentalitet og sitt tankesett er heilt borte no. Eg tenkjer at det burde få leve litt til og vart glad for å få sjansen til å vidareføre det, seier Barrios.   

Kan du seie noko om dei materiala du arbeider med? 

- Det er opal pleksiglas som spreier og jamnar ut lyset, og så er det oljemaling på toppen. Det er absolutt ein referanse til glasmaleri i kyrkjer.

Fargerike sirklar av lyssett glas

Foto: Mesén / Javier Barrios

Dette er foto av kunstverka før dei vart montert i Livabygget. 

- Det som er fasinerande med auget er at vi er bygde for å registrere lyskjelder med ein gang. Derfor er kyrkje-effekten så sterk, der du har kontrasten mellom mørkeret og lyset. Eg tenker det er noko fint og forførande med det å komme inn i eit rom og så finn du lyset med det same.   

Har dei gamle og tradisjonelle glasmaleria påverka kunstnarskapen din? 

-Ja, eg tenker i alle fall noko. Ironisk nok er far min glasmeister. Det første handverket eg prøvde meg på var i verkstaden hans i Mexico. Eg trur det var eit eller anna som berre falt på plass. Eg skjønte at her er noko eg kan ta med i kunstnarskapen.   

- Materiala eg arbeider med er typiske for vår tid. Eg kunne jobba i glas, men det er for meg ei avgrensing. Så er det også mykje tyngre, altså ei praktisk side. Eg hadde ikkje klart å jobbe med malinga på same måte og få til det uttrykket som eg er på jakt etter.   

Ein kunstnar som monterer eit kunstverk

Foto: Helse Førde

Frå min ståstad er det ein fascinasjon i å utforske både materiale og kva desse kan brukast til - å sjå kvar auget kan dragsast mot, seier Barrios. 

Kva ønskjer du å formidle gjennom kunsten din? 

-  Noko som går igjen i mitt kunstnarskap er ei form for undring, en nysgjerrigheit, som i forsking og vitenskap. Dei observasjonane eg ofte får til arbeida mine er natur, terreng, eller noko som er teke med drone, eller noko du ser i eit mikroskop som bakteriar, altså alt som berre blir forstørra. Men eg trur at arbeida som er kjøpte inn til Livabygget har den tolkingsmogelegheita at det kan vere noko mikroskopisk eller noko veldig stort. 

- Om eg skal seie noko, så er det kanskje meir interessesant at folk stoppar opp ved arbeida og lurer. Kanskje startar ein tankeprosess om kva kan dette vere, kva kan dette assosierast med?
Det eg håpar er at det opnar sinnet, i staden for å vere påståeleg og bekreftande på noko. Eg vil heller at det abstrakte språket skal gi spelerom, der folk kan komme med eigne erfaringar og eigne tolkingar. Men det eg gjer er at eg sender dei i en viss retning og resten gjer sjåaren sjølv.   

Helse Førde og kunstsamlinga vår 

Lyskunsten som Helse Førde har kjøpt av Barrios inngår i ei stor og innhaldsrik samling kunstverk i Helse Førde. Dette er ei samling som vi er stolte av og som vi forvaltar etter beste evne. Javier Barrios er ein anerkjent norsk kunstnar. Namnet hans kompletterer på ein fin måte dei andre velrenommerte kunstnarane som er representerte i sjukehusbygga våre i heile fylket. Namn som Ludvig Eikås, Oddvar Torsheim, Knut Rumohr, Elisabeth Haarr, Henry William Singer, Bodil Cappelen, Brit Smelvær, Geir Hjetland, Aase Kvikne Bjordal, Harald Fenn og mange, mange fleire. 

Kunst - Helse Førde 

Javier Barrios – bakgrunn og virke    

Kunstnaren i verneutstyr

Foto: Helse Førde

Javier Barrios

Javier Barrios (f. 1979) er norsk-meksikansk kunstnar som bur og arbeider i Oslo. Barrios er utdanna frå Kunsthøgskulen i Oslo og School of Visual Arts i New York. Han har stilt ut nasjonalt og internasjonalt, blant anna på Kunstnernes Hus, Bomullsfabrikken, Outlet Gallery i New York og Fundación MARSO i Mexico City.    

Barrios arbeider med ulike teknikkar på glas, gjerne glasmaleri og bruk av lys saman med folie. Referansane hans er ofte astronomi og assosiasjonar til stjerner og planetar, landskap og biologi.  

Måten Barrios brukar lys og kombinert med fargar gjer at verka står fram glødande og fulle av energi. Sirkelen, som er eit gjennomgåande element i kunstverka, leier tankane mot soler og planetar, og gir verka eit kosmisk uttrykk.  

Barrios formidlar òg eit miljøperspektiv. Verka evnar å seie noko om menneskeleg ansvar og foredling av naturen. Han hentar inspirasjon frå science fiction, framtidsvisjonar, teknologi og arkitektur. Det kunstnarlege uttrykket kan skildrast som ei visualisering av eit landskap mellom utopi og verkelegheit.     

www.javierbarrios.com