Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Her overtek Helse Førde Livabygget

Veidekke AS overleverte tysdag 20. august Livabygget formelt til byggherren, to dagar før opphaveleg planlagt. Helse Førde har no overteke ansvaret for å eige og drive det nye sjukehusbygget.

Publisert 21.08.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
En mann som skriver på et stykke papir
Prosjektleiar for Nye Førde sjukehus, Ervin Beheim (til høgre) og prosjektleiar i Veidekke Jan Andre Førde Systad.

Under protokollsigneringa tysdag vart det sagt mange lovord om den lange prosessen som har enda opp i Livabygget - verdas beste sjukehus, ifølgje statsministeren - slik det står i dag. 

Administrerande direktør Arve Varden takka alle frammøtte, mange av dei frå entreprenøren, for innsatsen.

 - Her har det vore kvalitet i alle ledd, og at vi har greidd å gjennomføre dette utan ein einaste alvorleg personskade viser at HMS har vore heilt sentralt.

Prosjektleiar for Nye Førde sjukehus, Ervin Beheim (til høgre) og prosjektleiar i Veidekke Jan Andre Førde Systad.

Også prosjektdirektør Kjell Inge Solhaug takka for innsatsen, og trakk spesielt fram samarbeidet mellom byggherre og entreprenør.

 - Vi har hatt ein balansert kontrakt der vi er likeverdige partnarar inn i prosjektet, og vi har hatt eit samarbeidsklima og ein måte å samarbeide på som har fungert svært godt, sa Solhaug.

Dette førte til at Livabygget frå starten av vart eit utviklingsprosjekt, der løysingane vart skapt undervegs. Til dømes slik at prosjektet gjekk frå ei opphaveleg planlagt løysing i tre etasjar til dagens høgblokk på ni etasjar. 

Vegdekke sin avdelingsleiar Bjørnar Haveland kunne fortelle at rundt 850 personar har vore involvert i prosjektet som vart skapt for å bygge sjukehuset. 

 - Saman har vi utvikla og produsert dette sjukehuset, og levert det i rett tid og i rett kvalitet, sa Haveland. - Takk for oppdraget, Helse Førde, og  for tilliten de har vist oss!