Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde vil behalde flybussen

Helse Førde reagerer negativt på at Vestland fylkeskommune vurderer å kutte flybussen i Førde og Sogndal. Les uttalen helseføretaket har send i saka:

Publisert 06.11.2024
En gruppe mennesker som sitter sammen

"Helse Førde reagerer negativt på planane om å legge ned flybusstilbodet som er mellom Førde og Sogndal sentrum og dei respektive to flyplassane.
 Det finst ikkje alternative kollektive transporttilbod på dei to plassane, og vi har nyleg registrert medieoppslag om spesielt vanskelege parkeringsforhold (fullt/for få plassar) særleg ved Førde Lufthamn. Vi viser til at sjukehuset i Førde er start- og endepunkt for flybussen i Førde, og at både pasientar, pårørande og tilsette har nytte av busstilbodet.
 Flybuss er det einaste fornuftige alternativet til og frå desse to flyplassane. Det verkar underleg at fylkeskommunen vurderer å legge ned eit slikt tilbod, medan alle samfunnsaktørar stadig manar folk til å tenke og handle miljøvennleg. Med nedlegging vil fylkeskommunen  tvinge alle passasjerane over til privatbil eller taxi når dei skal til eller frå flyplassen.
 Helse Førde sine brukarar og tilsette har stor nytte av det velfungerande flybusstilbodet som er i dag, og håpar Vestland fylkeskommune finn løysingar som gjer at tilbodet blir oppretthalde."


med helsing
 

Arve Varden

administrerande direktør, Helse Førde