Helse Førde byter leverandør av ladetenester ved sjukehusa
EnergiPlan, som i dag leverer ladetenestenester ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid, blir erstatta med Eviny. Arbeidet med å sette opp nye ladepunkt startar etter 26. april, og i ein kort periode blir tilgang på lading redusert.

Dagens leverandør, Energiplan/EvSoft sine ladarar, vil bli tekne ut av drift ved alle sjukehusa våre innan 26. april. Dei blir fortløpande erstatta med Eviny sine ladarar.
- Eviny har lagt opp til å bruke tre veker på å sette opp dei nye ladepunkta, seier direktør for drift og eigedom, Helge Robert Midtbø.
Sjukehusa i Helse Førde er dei første Eviny etablerer eit så breitt tilbod.
- Velfungerande og tilgjengelege ladetenester ved sjukehusa er spesielt viktig for alle våre tilreisande, så dette ser vi fram til, seier Midtbø.
Eviny startar arbeidet i Førde, og held fram på Nordfjordeid. I Lærdal treng Helse Førde ein runde med avklaringar før arbeidet blir sett i gang.
I sum utgjer tal ladepunkt eit svært godt tilbod til publikum
For Helse Førde, og sentralsjukehuset spesielt, blir dette eit stor løft i tilbodet. I Førde blir alle elleve ladepunkta på pasientparkeringa vidareført, og i tillegg kjem kraftige lynladarar på den store parkeringsplassen i nord.
• Førde sentralsjukehus, 8 lynladarar og 11 sakteladarar
• Nordfjord sjukehus, 6 lynladarar og 6 sakteladarar
• Lærdal sjukehus, 6 lynladarar og 6 sakteladarar

Offentleg tilskot til nokre av ladarane
Vestland fylkeskommune har løyvd pengar til å sette opp lynladarar ved sjukehusa. I dette tilskotet får Lærdal to ladarar, tre ladarar på Nordfjordeid og fire ladarar i Førde.