Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Heimesjukehus ofte best for barn og unge

Avansert heimesjukehus (AHS) for barn og unge har blitt ein suksess i Helse Førde. Ein rapport frå oppstarten konstaterer at oppstarten av tilbodet har vore vellukka. Det er no utvida og i regulær drift som ein del av sengeposten på barne- og ungdomsavdelinga. AHS har blitt svært godt mottatt av barna og familiane deira.

Publisert 21.02.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En gruppe kvinner som poserer for et bilde
AHS-teamet i Helse Førde: Frå venstre Sølvi Mjelstad Torset, Sunniva Vie Alme, Katrine Tvinnereim, Bergljot Hjelle, Jorunn Sollid og prosjektstøtte Marit Kleiven.

Kva er det som gjer at heimesjukehus for barn og ungdom fungerer så godt, ikkje minst for dei som treng jamleg oppfølging eller kontrollar over lengre tidsrom? Seksjonsleiar ved barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde, Jorunn Sollid, er ikkje i tvil: 
- Vi ser at barn og familiane deira som regel har det best når dei kan få behandlinga heime, og erfaringane tilseier at dei blir fortare friske slik. Og så treng ikkje familien å bryte opp så mykje av kvardagsrutinane - skule, jobb og fritid - fordi dei slepp å reise og tilbringe mykje tid på sjukehuset. Og ikkje minst at kvaliteten på behandlinga er like god som den ville vore på sjukehuset. Så i sum betyr dette mindre stress og påkjenning, betre helse og auka livskvalitet for alle i familien, seier prosjektleiar Jorunn Sollid. 
 
Sluttrapport
Prosjektfasen er no avslutta, og AHS-tilbodet er blitt permanent som ein integrert del av drifta av sengeavdelinga på barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde. 
Føretaket har sendt ein sluttrapport for prosjektet til Helse Vest der oppstarten av tilbodet blir oppsummert.  
- Vi har hatt god nytte av erfaringane frå dei andre helseføretaka i Helse Vest som har AHS-tilbodet i fleire år, seier Jorunn Sollid. - Den faglege nettverksgruppa og prosjektmidlane frå Helse Vest har vore avgjerande for oppstarten her i Helse Førde.  
 
Stort engasjement 
Den vellukka oppstarten i Helse Førde kjem ikkje minst takka vere stort engasjement og entusiasme frå sjukepleiarane som jobbar i AHS, og legane som har følgt tett opp og som har det faglege ansvaret.  Frå den forsiktige oppstarten, med nokre få diagnosegrupper hausten 2022, er no tilbodet no utvida til å omfatte eit breitt spekter av diagnosar. Helse Førde har relativt låg populasjon, og personalet på barne- og ungdomsavdelinga handterer difor fleire fagfelt.  
 
Vegen vidare 
- AHS er eit tilbod som framleis er under utvikling i Helse Førde, seier leiar for prosjektet, Jorunn Sollid.  - Erfaringane frå den første fasen er svært positive, og ein ser at tilbodet stadig vert utvida. Avstandsoppfølging, endå tettare samarbeid med kommunane og meir bruk av digitale løysingar er område som vi, saman med dei andre helseføretaka i Helse Vest, ønskjer å prioritere i tida som kjem.  
 
Kome for å bli
I si evaluering i 2021 konkluderte også Helsedirektoratet med at AHS er kome for å bli, og at tilbodet bør bli ein integrert del av framtidas spesialisthelsetenester for barn og unge. 
“Det er helsetjeneste på barns premisser, som bidrar positivt til livskvalitet og helse for både barnet/ungdommen og familien”. (Evaluering og vurdering av avansert hjemmesykehus for barn, Helsedirektoratet 2021)