Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Flyttar behandlingstilbod til Førde

Styret i Helse Førde gjekk samrøystes inn for å flytte medisinsk poliklinikk, radiologi og fysioterapi frå Florø til Førde.

Publisert 26.01.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En gruppe personer i et møte
Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen (ståande) og eit samla styre står bak endringane i Helse Førde sitt behandlingstilbod i Florø.

Etter styremøtet 25. januar  er det også klart at smertepoliklinikk og lærings- og meistringssenteret blir flytta til Sentralsjukehuset i Førde. Sunnfjord medisinske senter (SMS) i Florø beheld blodbank og hudpoliklinikk. Innsparingane med desse grepa er i hovudsak reduserte kostnader knytt til personell og leige av areal. Redusert behov for framtidige investeringar er også eit viktig poeng økonomisk. Medisinsk klinikk har gjennomgått tenestetilbodet i Florø og vurderer det som tenleg å behalde blodbank og poliklinikk for hud. Økonomisk innsparing vil vere i storleiken 3 til 4 millionar kroner, avhengig av framtidige leigekostnader for areal. Psykiatritilbodet vert uendra.

 Plass nok ved sentralsjukehuset

Dei arealmessige konsekvensane av flytting av tilboda til Sentralsjukehuset i Førde er også vurdert. Ein vil ha behov for nokre tilpassingar, men ein ser ikkje store utfordringar med å flytte tilboda dit. Helse Førde leiger nær 1200 kvadratmeter til psykiatrisk klinikk og medisinsk klinikk på SMS, i tillegg til areal til ambulansestasjon. Totalt brukte føretaket seks millionar kroner til husleige, reinhald, straum i 2022. Delen som psykiatrien og somatikken brukar utgjer kring av 70 prosent av dette.

Økonomi og innsparingar

Medisinsk klinikk held til i andre etasje og brukar om lag 700 kvadratmeter, medan psykiatrisk klinikk brukar om lag 500 i tredje etasje. Medisinsk klinikk vil framleis trenge i underkant av 200 kvadratmeter etter omlegginga. Det betyr at Helse Førde kan redusere sitt samla behov for areal med om lag 40 prosent. Kor mykje det er råd å spare på redusert areal blir først klart når ny leigeavtale er på plass. Det kan dreie seg om ein stad mellom 1,5 og 2,5 millionar kroner.

Kontraktutløp 1. juni 2024

Dagens leigekontrakt vart inngått med verknad frå 1. juni 2014 og går ut 1. juni 2024. Helse Førde har opsjon på å forhandle om fornying av leigeforholdet for ein periode på fem pluss fem år. Øvrige innsparingar er i hovudsak knytt til reduksjon av personell, samt serviceavtalar på medisinsk-teknisk utstyr og reiseutgifter. I alt vil det vere snakk om tre til fire årsverk og ei samla innsparing på mellom to og to og ein halv millionar kroner. 

Sparer investeringar i nytt utstyr

Det radiologiske utstyret i Florø er kring ti år gamalt, og ville normalt vorte skifta ut om nokre år. Når radiologisk avdeling i Førde kan ta hand om undersøkingane som i dag blir gjort i Florø, så ville det vere vanskeleg å forsvare ei investering i nytt radiologisk utstyr i Florø i nær framtid.