Flytta ambulansebåt innover Sognefjorden
I samband med vegstengingane i Midtre Sogn flytta Helse Førde i går kveld ambulansebåten "Rosesol" frå Solund til Høyanger.

Foto: Helse Førde
- Ambulansebåten blir liggande i Høyanger til situasjonen har normalisert seg, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov. Han opplyser at båten utførte eitt opdrag i natt.
Riksveg 55 er stengd både mellom Kyrkjebø og Høyanger sentrum og i Esefjorden i Sogndal kommune.
Helse Førde avgjorde å flytte båten innover fjorden både med tanke på Høyanger sentrum og for å vere i beredskap med tanke på andre innestengde grender langs Sognefjorden. Både kommunehelsetenesta og kommuneleiinga i Høyanger og Sogndal er informerte.
I Høyanger valde kommunen også å etablere eiga legevakt då eit ras stengde riksvegen like aust om Nordeide ferjekai like før klokka 19.00 fredag kveld.
Helse Førde har i tillegg bemanna opp reserveambulansebåten. Den ligg ved kai på Hardbakke og ivaretek beredskapen i Solund.