Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Flott opning av Livabygget

Livabygget ved Førde sentralsjukehus vart tysdag føremiddag formelt opna av statsminister Jonas Gahr Støre framfor ei stor gruppe tilsette og tilreisande gjester.

Publisert 20.08.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
En gruppe mennesker som står rundt en scene med musikkinstrumenter
Statsminister Jonas Gahr Støre stod for den offisielle opninga av det nye Livabygget i Helse Førde.


Opningsseremonien skjedde utandørs, på sørsida av Livabygget, etter at Støre og andre inviterte hadde fått omvising i nybygget. På ein elles grå festdag viste vergudane seg frå ei god side den knappe timen utandørsarrangementet varte, og det var god stemning i folkemengda då songgruppa Silisium Vokal frå Bremanger starta showet. 

Statsministeren hadde mange lovord om det nye sjukehusbygget vårt og måten prosjektet er utført på, og understreka  at eit nytt sjukehusbygg i Norge er truleg det mest modene sjukehusbygget som finst nokon stad i verda no. Han trakk særleg fram den tydelege satsinga på kvinnehelse i bygget, noko også Anne Marie Strømsøy frå Norske Kvinners Sanitetsforening understreka i sin tale. 

En gruppe mennesker som sitter rundt et bord
Første post  på programmet opningsdagen var orienteringsmøte med administrerande direktør, tillitsvalde og verneteneste.

Administrerande direktør Arve Varden sa i sin tale at nybygget har "høg, men likevel nøktern, 2024-standard", og unnlot heller ikkje å komme inn på at den krevjande økonomiske situasjonen Helse Førde er inne i gjer at både oppgradering av akuttmottak og intensivavdeling står på vent inntil vidare. Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen snakka blant anna om prosessen og det breie samarbeidet rundt Livabygget, og poengterte at det er eit heit anna bygg som står ferdig her i dag enn den løysinga han vart presentert for som fersk styremedlem i 2018.

Etter talane var det tid for sjølve snorklippinga, der bandet vart halde av Anne Marie Strømsøy (NKS) og hjelpepleiar med 40 års erfaring, Jorunn Tormodset.
- Med dette klipper eg navlestrengen til det nye sjukehuset. Gratulerer til alle, sa statsministeren før han til stor applaus kutta bandet i raudt, kvitt og blått.