ny doktorgrad
Disputas: Vegen til emosjonsarbeid - Erfaringar frå pasienten sitt perspektiv
Gøril Solberg Kleiven disputerer 8.11.2024 for ph.d.-grad ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Emotion-work in psychotherapy. A micro-process study from the client perspective."
Vi veit for lite om korleis og kvifor psykoterapi verkar, altså kva endringsmekanismane i eit terapiforløp er. Dette er ei viktig problemstilling, både når det gjeld forsking, der ein treng denne kunnskapen for å kunne sette opp solide design, men spesielt i klinisk praksis, der ein må tilpasse relasjonelt arbeid og intervensjonar til personar med ulike psykiske helseutfordringar. Ein må kunne tilpasse behandlinga til kompleksiteten i pasientens behov og dei gitte rammevilkåra for behandling.
Dette doktorgradsprosjektet nyttar eit kvalitativt mikroprosess-design for å skape ny innsikt i korleis emosjonsarbeid bidreg til endringsprosessar i psykoterapi.
Studiane byggjer på intervjumetoden Interpersonal Process Recall. Elleve personar som nyleg har starta behandling ved ordinære poliklinikkar, har gitt oss tett innsyn i sitt psykoterapeutiske arbeid ved å la oss filme fleire terapitimar i kvart enkelt forløp. Rett etter timen har det blitt gjennomført djupneintervju basert på det ferske videomaterialet. Deltakarane har bidrege med detaljerte skildringar av viktige personlege prosessar.
Dei tre artiklane publisert i denne doktorgrada gjev innsikt i ulike hindringar som gjer det vanskeleg for personar å opne seg for emosjonsarbeid i terapi, kva som kan opplevast som støttande og fremjande, og korleis dei opplever endring. Funna er relevante på tvers av ulike psykiske lidingar og behandlingsformer, og har stor klinisk nytteverdi i arbeid med å nærme seg vanskelige emosjonelle tema i behandling.
Tidspunkt og stad for prøveforelesing
Emne: "Observation-based qualitative psychotherapy research: An overview and evaluation"
Tid: 08. november kl. 09.15–10.00
Stad: Aula Midgard, Alrek helseklynge, Årstadveien 17, Bergen.
Tidspunkt og stad for disputas
Tid: 08. november kl. 10.30–13.30
Sted: Aula Midgard, Alrek helseklynge, Årstadveien 17, Bergen
Om kandidaten
Gøril Solberg Kleiven er utdanna ved Det psykologiske fakultet, UiB og jobbar som psykologspesialist. Ho er tilknytt Institutt for klinisk psykologi og Forskarskulen i klinisk psykologi og utviklingspsykologi, UiB, og forskingsgruppa for persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK) i Helse Førde. Hovudrettleiar er Christian Moltu, professor ved HVL og forskingssjef for Psykisk helsevern i Helse Førde. Medrettleiar er Aslak Hjeltnes, professor ved Institutt for klinisk psykologi, UiB.