Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Begeistra Vestre fekk sjå Livabygget

Helse- og omsorgsministeren gratulerte Helse Førde med det nye sjukehusbygget etter omvisinga i Livabygget tysdag. I statsrådens følgje var det også ein politisk rådgjevar som fekk seg ei skikkeleg overrasking.

Publisert 11.09.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
Mann som fotograferer to kvinner
Helse- og omsorgsministeren sørga for å forevige sin politiske rådgjevar saman med jordmora som tok imot henne i 1997 her på fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus.

Rundturen starta i det tidlegare styrerommet i 2. etasje, der Vestre fekk ei orientering frå administrerande direktør om Helse Førde, om drifta og dei seinaste utbyggingane ved sjukehuset i Førde - og ikkje minst om dei planlagte som av økonomiske årsaker er sett på vent, inkludert intensivavdeling og akuttmottak. Ministeren lytta også til tillitsvalde og vernetenesta.

Deretter gjekk ferda over til 2. etasje i Liva, der det var på med blåsokkar, beskyttelsesesfrakk og hetter, før Vestre fekk helse på tilsette i operasjonsavdelinga og fekk ei innføring frå påtroppande klinikkdirektør Bjørn Morten Øen i korleis stovene og logistikken rundt dei skal fungere. 

Etter ein tur med heisen fekk statsråden omvising på sengeposten for ortopedi og geriatri i 7. etasje, der overlegane Sabine Mader og Eva Søgnen fortalde om korleis avdelingane jobbar og samarbeider. 

Og kva med overraskinga? Jo, den fekk Vestre sin politiske rådgjevar Bhanuja Rasiah, som kom til verda på fødeavdelinga på Førde sentralsjukehus i 1997, då ho fekk eit uventa møte med pensjonert jordmor Berit Tungland Sørbø i 5. etasje i Svanabygget. Tungland Sørbø var jordmora som tok imot Bhanuia i 1997, og dei to fekk eit hjarteleg gjensyn. 

 - Det var veldig hyggeleg å møte henne, sjølv om eg naturleg nok ikkje hugsar henne. Men det gjer faktisk mor mi, sa Bhanuja etterpå. 

Familien hennar budde i Kalvåg i Bremanger fram til ho var halvanna år, og flytta sidan til Drammen.