20 millionar kroner til Helse Førde-prosjekt
Forskningsrådet har tildelt Helse Førde og partnarar 20 millionar kroner til prosjektet Norse Impact - Continuous digital care in mental health. Norse Impact rettar seg mot framtidas helsebehov innan psykisk helse, ved bruk av Norse Feedback-teknologi og kunstig intelligens.
Helse Førde og partnarar får 20 millionar kroner til prosjektet Norse Impact - Continuous digital care in mental health, der målet er å gjere tilgjengeleg effektive digitale behandlingsmetodar til pasientar ut frå deira eigne data.
- Det er fantastisk at Helse Førde har eit fagmiljø som når fram med eit slikt prosjekt. Ikkje minst er det viktig at dette arbeidet kjem ei svært sårbar pasientgruppe til gode, seier utviklingsdirektør i Helse Førde, Anne Kristin Kleiven.
Breitt samarbeid
Norse Impact-prosjektet er utvikla av Christian Moltu, forskingssjef i psykisk helsevern i Helse Førde og professor ved Høgskulen på Vestlandet, saman med fleire partnarar. Helse Stavanger, Helse Bergen, Helse Midt-Noreg, fleire kommunar på Vestlandet og i Midt-Noreg, Norse Feedback AS, og ei rekke andre har gått saman om dette kjempeløftet.
Norse-løysinga kan analysere det individuelle behovet til pasienten ut frå data dei sjølv legg inn, og gjev dei høve til å få ei skreddarsydd løysing for psykisk helse heimanfrå. På den måten kan pasienten få meir kontroll over eiga behandling. Det finst ein tidleg versjon av denne løysinga, men dette prosjektet skal vidareutvikle og skalere denne løysinga nasjonalt og internasjonalt.
Moltu er til dagleg forskingsgruppeleiar for PERSONFORSK i Helse Førde og HVL, og også styreleiar i Norse Feedback. Han er svært nøgd med tildelinga.
Sterk konkurranse
- Det er svært gledeleg at Forskningsrådet sine evalueringskomitèar vurderer vårt prosjekt og Norse Impact så høgt, og at Forskningsrådet vil satse på oss, seier Moltu. - Konkurransen om akkurat dette programmet nasjonalt er svært sterk. Når Norse Impact vert prioritert i dette feltet, seier det noko om posisjonen og truverdet som Helse Førde har opparbeidd seg, kanskje spesielt gjennom Norse Feedback-portefølja. Gjennom dette arbeidet har vi også etter kvart fått eit veldig stort nettverk av dyktige samarbeidspartar – ein del av dei er også med på prosjektet.
Å styrke brukarar og pasientar heime hos seg sjølv, basert på persontilpassa teknologi, er kjerna i Norse Impact.
- Å planlegge og persontilpasse helsehjelpa ved å bruke sjølvrapporterte data frå pasienten har blitt ein viktig strategi i å utvikle den hjelpa dei får i møtet med behandlaren. Med Norse Impact er pasienten sjølv den viktigaste ressursen for betring. Norse Impact brukar kunstig intelligens til å finne dei viktigaste ressursane for den enkelte, og gjere desse digitalt tilgjengeleg for dei.
Moltu peikar på at det å ivareta berekrafta i det psykiske helsevernet blir ei sentral oppgåve som Norse Impact skal bidra til å løyse.
- Helsepersonellkommisjonen peikar på at vi ikkje kan løyse framtidas hjelpebehov med stadig meir personell. Det har vi ikkje nok fagfolk til. Vi må også finne gode måtar å bruke teknologi til å gje hjelp. Ikkje i staden for, men i tillegg til. Norse Impact ønskjer å styrke pasienten eller brukaren sjølv med ressursar, innsikt og kompetanse på eigen situasjon. Krafta i dette kan sikre ei framtidig berekraftig helseteneste, seier Moltu.
Ambisiøse innovasjonsløp
Tildelinga på skjer gjennom ordninga Pilot Helse, og Norse Impact er eitt av fire prosjekt som i denne runden får tildelt den største summen på 20 millionar kroner.
På nettsidene sine skriv Forskningsrådet at Pilot Helse er ei ordning som lyser ut midlar til ambisiøse innovasjonsløp som skal bidra til berekraft i helse- og omsorgstenestene og samtidig verdiskaping i norsk helsenæring. Saman skal private og offentlege aktørar utvikle gode løysingar som når raskare ut til pasientar og innbyggjarar.