Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Svært gode resultat i behandling av panikkliding

I ein studie av 4-dagarsbehandling av panikkliding oppnådde Helse Førde svært gode resultat samanlikna med andre tilsvarande studier i Norge og internasjonalt. Studien er nyleg publisert i det anerkjente tidsskriftet BMC Psychiatry.

Publisert 12.05.2023
Studien undersøkte effekten av 4-dagarsbehandling av panikkliding  ytt av OCD/4-dagarsteamet i Førde mellom 2018 og 2020. Studien syner svært gode behandlingsresultat, også samanlikna med studier fra dei fremste miljøa internasjonalt.

Thorbjørn Olsen Ida Ueland Sætre.PNG

RESULTAT I TOPPKLASSE: Ein studie viser at Helse Førde har svært gode resultat i behandling av panikkliding. Behandlarane Thorbjørn Olsen, Ida Ueland Sætre og Rolf Olof Sköld (som ikkje er med på bildet) er medforfattar av artikkelen som no er publisert i tidsskriftet tidsskriftet BMC Psychiatry.

- Vi såg at om lag fire av fem var i remisjon (friske) etter behandlinga, og at dette heldt seg frå behandlinga var slutt og fram til oppfølgingstidspunktet etter tre månader. Dette viser at miljøet vi har bygd opp i Førde tilbyr ei behandling av panikkpasientar som er av svært høg kvalitet, og ein kan trygt seie at klinikken leverer resultat i verdsklasse, seier Thorbjørn Olsen og Ida Ueland Sætre. 

Dette er også bakgrunnen for at Ida Ueland Sætre og Thorbjørn Olsen i fjor vart bedne om å lære opp eit av dei fremste angstmiljøa i Europa, da dei ønska å implementere denne behandlinga ved universitetsklinikken i Hamburg. 

- Det er svært kjekt at det gode arbeidet som blir gjort i Førde blir dokumentert i internasjonale tidskrift, og at vi med dette set Førde på kartet i høve angstbehandling. 
 
Artikkelen og forskningsprosjektet er eit samarbeid mellom OCD/4-dagarsteamet i Førde og Bergen Center for Brain plasticity ved Haukeland Universitetssykehus i Bergen , Universitetet i Bergen og Helse Møre og Romsdal. 

Tre av behandlarane ved Førde DPS; Ida Ueland Sætre, Thorbjørn Olsen og Rolf Olof Sköld er også medforfattarar på artikkelen.