Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stor variasjon i behandling av fedme-pasientar

Behandlinga av pasientar med fedme varierer, og det er ikkje områda med høgast førekomst fedmepasientar som har høgast forbruk av helsetenester. Det er også stor variasjon i kva type behandling som blir gitt mot fedme, viser det nye Helseatlas fedme.

Publisert 01.11.2023
Sist oppdatert 02.11.2023

I enkelte opptaksområde blir kirurgisk behandling brukt oftare enn i andre, der det er høgare ratar for poliklinisk behandling.

Store geografiske variasjonar

Analysane viser store geografiske variasjonar i bruk av helsetenester i denne pasientgruppa i perioden 2018-2022. Kvart av desse åra var i snitt 52 415 personar i Norge med fedme i kontakt med helsetenestene, men ein finn stor og ubegrunna variasjon i kor mange per 10.000 innbyggarar i kvart opptaksområde som hadde kontakt med helsetenestene. Prosentdelen pasientar som var i kontakt med spesialisthelsetenesta varierte mellom 19 og 38 prosent, alt etter opptaksområde. 

Færrast i Oslo

Særleg stor er den geografiske variasjonen ved bruk av fedmekirurgi. Rundt 2000 pasientar vart opererte ved offentlege sjukehus i Norge i 2018, medan talet dei etterfølgande åra ligg på rundt 1300. Variasjonen mellom dei ulike opptaksområda synest her å vere påverka av tilbodet om operasjon, og ikkje av førekomsten av fedme i opptaksområda. 
I opptaksområda Nord-Trøndelag og Innlandet fekk til dømes ein rate på godt over seks pasientar per 10.000 innbyggarar fedmekirurgi, mot at færre enn 2 pasientar per 10.000 fekk tilsvarande ved Oslo Universitetssykehus, Lovisenberg og Diakonhjemmet.

Treng oppfølging

Kirurgisk behandling kan bli aktuelt dersom pasienten ikkje har lukkast med vektreduksjon på annan måte. Vurdering av eventuell operasjon blir gjort i spesialisthelsetenesta. Dette er den mest effektive måten å hjelpe pasientar med alvorleg fedme til å gå ned i vekt, oppretthalde vektreduksjonen over tid og minske risiko for og førekomst av andre sjukdommar. Det finst fleire ulike typar kirurgiske inngrep. Etter ein fedmeoperasjon har pasientane behov for oppfølging både hos allmennlege og i spesialisthelsetenesta.

Livsstilsbehandling

Også ikkje-kirurgisk behandling eller livsstilsbehandling skal hjelpe pasienten med endringar i levemåte og oppretthalde gode kost- og aktivitetsvanar, og den bygger på tre hovudsøyler: fysisk aktivitet, ernæring og meistringspsykologi. Livsstilsbehandling er basis for all vektreduserande behandling - også før og etter vektreduserande kirurgi, eller saman med medikamentell behandling.

Om Helseatlas fedme

Helseatlas fedme er utarbeidd av Helse Førde i samarbeid med ei nasjonal ressursgruppe, og bygger på opplysingar utlevert frå Helsedirektoratet ved Norsk pasientregister (NPR) og Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) for perioden 2018 til 2022. Gjennom prosjektperioden har dei hatt kontakt med fagmiljø og -personar i ulike deler av landet, for å sikre at analyseresultata gjev eit best mogleg bilde av praksis.
Frå KPR er det henta informasjon om pasientar med fedme og/eller overvekt, og konsultasjon hos allmennlege. Andre analysar bygger på informasjon frå NPR. Tal innbyggarar er henta frå SSB.

 

Fakta om fedme

Fedme er ein kronisk sjukdom der pasienten er registrert med kroppsmasseindeks (KMI) på 30 kg/m2 (vekt i kilo/høgde i meter2) eller over, og er blant dei største helseutfordringane i verda. Fedme oppstår i eit komplekst samspel mellom biologiske, psykologiske, sosiale og miljømessige faktorar, og sjukdommen krev livslang behandling.

Fedme gir auka risiko for ei rekke andre sjukdommar, mellom anna diabetes type 2, høgt blodtrykk, hjarte- og karsjukdommar, kreft, søvnapné og belastningslidingar. Fedme er også assosiert med auka risiko for psykiske lidingar.

KMI er viktig for å kartlegge risiko for framtidig fedmerelatert følgesjukdom. Ein skil mellom fedme (KMI 30-39,9 utan følgesjukdommar) og alvorleg fedme (KMI ≥ 40, eller ≥ 35 med følgesjukdom) som er forbunde med særleg høg risiko for nedsett helse. Etter nasjonal fagleg retningslinje bør personar med KMI over 35 få tilbod om behandling.

 

 

Lenke til Helseatlas fedme: https://www.skde.no/helseatlas/v2/fedme/

Kontaktperson: Oddne Skrede oddne.skrede@helse-forde.no, mob 90107594