Samarbeid om utvikling av eit felles campus for utdanning, forsking og innovasjon på Vie
Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune og Helse Førde har starta prosjekt Campus Vie i lag fordi dei har mange like utfordringar og behov i framtida. Ein felles arena for å løyse oppgåver innan utdanning, forsking og innovasjon vil gje eit løft for organisasjonane og vil bidra til auka attraktivitet i høve rekruttering til regionen.
- utdanning og opplæring,
- simulering og ferdigheitstrening,
- forsking og innovasjon,
- møte og kursverksemd,
- senter for fysisk aktivitet a la Energisenteret i Bergen,
- bibliotek og liknande.
Viktig for utviklinga
Prosjektet er godt forankra i toppleiingane hjå dei fire partnarane. Rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet, er glad for den felles krafta ein kan få til i dette samarbeidsprosjektet.
– For HVL er det særs viktig å tilby utdanning av fagleg høg kvalitet i gode og framtidsretta lokale. Deling av areal og fasilitetar med både UiB, Helse Førde og Sunnfjord kommune handlar om mykje meir enn fornuftig ressursbruk. Dette kan bli eit nytt kraftsenter for kunnskap og nyskaping og gje ein attraktiv tilleggsdimensjon for både studentar og tilsette, seier Gunnar Yttri.
Legeutdanning i Førde
Universitetet i Bergen (UiB) jobbar for å realisere ei desentralisert legeutdanning i samarbeid med Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde. Studentane vil starte utdanninga si i Bergen for så å fullføre dei siste åra på ein av dei tre studiestadene. Stavanger Universitetssjukehus er pilot for ordninga som har fått namnet Vestlandslegen. Hausten 2023 tok Stavanger i mot dei første medisinarstudentane som vil fullføre legeutdanninga der.
- Framleis er det mykje som skal på plass før vi er klare til å tilby legeutdanning i Førde, fortel Per Bakke, dekan for det medisinske fakultetet ved UiB. - Mellom anna vil UiB ha behov for tilgang på areal til ulik form for undervisning, forsking og kontor. Vi ser det som særs positivt å samarbeide for eit felles campus. I tillegg til at det heilt konkret legg til rette areal som vil dekke våre funksjonsbehov, så vil ei slik samling av fagmiljø auke attraktiviteten for dei som skal studere der. Eit større og meir tverrfagleg miljø vil vere veldig positivt for det samla studentmiljøet i Førde, seier Bakke.
Ingeniør- og helsefagutdanninga i Førde er eit godt utgangspunkt
Rekruttering til Sunnfjord
– Dette er ei strategisk viktig satsing i utviklinga av Førde som ein attraktiv studentby. Kompetanse, utdanning, forsking og innovasjon er nøklane til ei berekraftig framtid. Utvikling og etablering av eit framtidig Campus Vie vil styrke fagmiljøa og bidra positivt til rekruttering av både studentar og nyutdanna til vår region, seier Trond Ueland, leiar næring- og samfunnsutvikling Sunnfjord kommune.
God grunnmur og gjensidig avhengigheit
Vidare arbeid med Campus Vie
Gro Rukan er tilsett som prosjektleiar og det er sett ned ei stor prosjektgruppe på tvers av organisasjonane. I arbeidet framover vert det jobba for å få alle gode innspel på bordet slik at ulike behov og moglegheiter vert ivaretatt best mogleg, og såleis få lagt eit godt grunnlag for synergiar og kraft i ei slik samlokalisering som partane jobbar for å få realisert.Av: Prosjektleiar Gro Rukan