Plussresultat, men bak budsjett for Helse Førde
Tysdag 28. mars blir Helse Førde sitt 2022-rekneskap lagt fram for godkjenning i styret. Resultatet vart 3,6 millionar kroner, som er 26,4 millionar bak budsjett. Avviket skuldast i første rekke løns- og personalkostnader og redusert aktivitet.
Publisert 27.03.2023
- Resultatet viser tydeleg at det no er nødvendig for oss å klare å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene våre, seier administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde.
- Dette arbeidet er organisasjonen i full gang med, og vi håpar å sjå resultat av det utover i 2023.
Lønskostnadene i Helse Førde enda i fjor 120 millionar kroner over budsjett. I tillegg har ikkje helseføretaket greidd i nå aktivitetsmåla, og dette viser igjen på inntektene som ligg 34 millionar kroner under budsjettet.
Når føretaket likevel unngår rekneskapsmessig underskot, skuldast dette i hovudsak ekstraløyving på 47,5 millionar i desember og løyvingar i samband med pandemien. I 2022 fekk Helse Førde 40,5 millionar for å dekke tapte inntekter og ekstra kostnader. Dette tilskotet var i 2021 70 millionar. I tillegg hadde ein mindre utgifter enn budsjettert til pasienttransport og gjestepasientar i andre helseføretak.
Oppsummert må fjorårets meirforbruk i stor grad tilskrivast auka overtidsbruk, lavare aktivitetsnivå enn planlagt, auka inflasjon og eit lønsoppgjer over budsjett.