Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pål Andre vann Kvalitetsprisen saman med Barne- og ungdomsavdelinga

To vinnarar av Helse Førde sin Kvalitetspris 2023: Pål Andre Hegland og Barne- og Ungdomsavdelinga deler årets pris for sitt langvarige, systematiske arbeid for å betre kvalitet og pasienttryggleik gjennom bruk av simulering.

Publisert 19.10.2023
Sist oppdatert 02.11.2023
En gruppe personer som har sertifikater
TO PRISVINNARAR: Kvalitetsprisen i Helse Førde vart i år delt mellom Barne- og ungdomsavdelinga og Pål Andre Hegland. Vinnarane blir premiert med 50.000 kroner kvar og eit kunstverk. Frå venstre klinikkdirektør Tom Guldhav, Pål Andre Hegland, og så Barne- og ungdomsavdelinga representert ved ​Lea Larsen, Katrine Tvinnereim, Solveig Berget og Jorunn Solli. Til høgre fagdirektør Asle Kjørlaug og seksjonsleiar Kari Furevik.

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, skulle etter planen stå for prisutdelinga på Kvalitetskonferansen i Førdehuset torsdag, på videolink frå Bergen. Men etter noko teknisk trøbbel med lydoverføringa frå Bergen overtok Kari Furevik, seksjonsleiar for kvalitet og pasienttryggleik, jobben med å dele ut prisen.  I si grunngjeving starta ho med Barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde:

Personalet treng øving  

- Avdelinga gjennomfører regelmessig og systematisk simulering for personalet, der dei trenar på ulike pasientsituasjonar.  Øvingane i avdelinga er godt planlagt og tilrettelagt, og dei har også inkludert helsepersonell frå andre avdelingar til å trene, sa Furevik under utdelinga. 

Ho understreka at Barne - og ungdomsavdelinga har ansvar for å behandle akutt og kritisk sjuke barn, men at denne pasientgruppa er såpass avgrensa at personalet dermed ikkje alltid får den ønska erfaringsmengda gjennom det daglege arbeidet. Og når barn blir akutt og kritisk sjuke, skjer forverring av tilstanden ofte raskare enn det vi ser hjå vaksne pasientar.

Øver med andre avdelingar som tek inn sjuke barn

- Difor er det så utruleg viktig at dei som skal behandle desse barna, øver på den behandlinga dei skal gje. Både barne- og ungdomsavdelinga, føde- barsel, anestesi, intensiv og akuttmottak er deltakarar. Ein øver på ulike plassar i sjukehuset der barn er, som på operasjon, intensiv, føde-barsel og på Barne- og ungdomsavdelinga. Utan initiativet til vinnaren, ville desse yrkesgruppene ha trent betydeleg mindre enn dei gjer i dag, og dermed fått meir avgrensa erfaring med denne pasientgruppa. 
Den andre prisvinnaren arbeider mykje i det same faglege landskapet som Barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde. 

Simulering gjev betre kvalitet og kompetanse

- Pål Andre Hegland står som eit trygt «bakteppe» for alt dette, med all sin kunnskap. Pål Andre er ein kjent mann i korridorane på Førde sentralsjukehus. Han er genuint opptatt av at kollegane skal vere trygge på yrkesutøvinga og faget sitt. Han har eit brennande engasjement for simulering som ei kvalitetssikring og kompetanseheving, sa Furevik. - Dei siste åra har han jobba tett og godt med opplæring av Helse Førde sine eigne fasilitatorar​, og er no ferd med å etablere ein eigen kursstab i Helse Førde. Dette er eit kjempeløft og eit viktig steg i å gjere Helse Førde endå betre rusta for framtida si helseteneste.

Ho drog også fram Hegland sitt bidrag i å jobbe fram forslag til ei systematisk opplæring i hjarte-lunge-redning for medarbeidarar i Helse Førde. 
- Det er til inspirasjon for oss andre å sjå at slik dedikasjon og engasjement fører fram, vi gratulerer begge prisvnnarane!