Ny rapport om samfunnsansvaret i spesialisthelsetenesta
Spesialisthelsetenesta i Norge har lagt fram sin rapport om samfunnsansvar for 2022. Den viser fram arbeidet som blir gjort lokalt, regionalt og nasjonalt. Arbeid som Helse Førde står bak er tema i to av artiklane i rapporten.
Publisert 08.05.2023
Nok ein gong presenterer Spesialisthelsetenesta sin årlege rapport om samfunnsansvar i fellesskap. Rapporten omfattar alle helseforetak i landet og dei felleseigde selskapa. Den omhandlar klima og miljø, antikorrupsjon og menneskerettar og arbeidstakarrettar.
For oss som høyrer til i Helse Førde er det interessant at verksemda er tema i to av kapittela i rapporten: Virtuell anestesipoliklinikk (side 30) og den årlege helseinnovasjonskonferansen (side 62).
Samfunnsansvaret vårt handlar om korleis spesialisthelsetjenesta løyser samfunnsoppdraget i samspel med andre og hvordan verksemda vår påverkar menneske, miljø og samfunn. Spesialisthelsetenesta forvaltar store ressursar på vegne av fellesskapet, og har ei forplikting overfor samfunnet til å forvalte desse ressursene på ein bærekraftig måte.
TESTAR UT VIRTUELL ANESTESIPOLIKLINIKK: Forventingane til prosjektet er ei gradvis auke i tal gjennomførte anestesitilsyn på video, større brukartilfredsheit hos pasientar, ei betring av arbeidstidfordeling i anestesipoliklinikken, færre pasientreiser og mindre ventetid på sjukehuset for pasientane. Hilde Kristin Hårklau er modell på pasientsida, medan Marie Svanberg (t.h.) er anestesisjukepleiar.
Implementering av openheitslova
Arbeidet med samfunnsansvar har hatt stor merksemd i spesialisthelsetenesta gjennom fleire år, og i 2022 har vi samarbeiddd om implementering av openheitslova som tredde i kraft i 1. juli. Lova har som formål å fremme respekten for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve, og sikre publikum tilgang til informasjon. I rapporten kan du lese meir om korleis Sykehusinnkjøp HF har budd seg på å møte dei krava openhetslova stiller til oss.
Spesialisthelsetenesta har mål om å redusere direkte utslepp av CO2-ekvivalentar med 40 prosent i perioden 2019-2030 og eit langsiktig mål om klimanøytral drift innan 2045. I 2022 har alle helseforetaka arbeidd med handlingsplanar for å nå dei felles klima- og miljømåla. Resultata blir presentert i eit felles klimaregnskap i denne rapporten.
Virtuell anestsipoliklinikk
I rapporten fortel vi korleis innovativ bruk av teknologi og digitale hjelpemidddel kan bidra til å nå måla – blant anna ved hjelp av dronetransport av biologiske prøver, mobil røntgen og Helse Førde sin virtuelle anestesipoliklinikk.
Formålet med spesialisthelsetenesta sitt arbeid med antikorrupsjon har vore å auke merksemda på, og få ei felles forståinga av, risikoen for korrupsjon i spesialisthelsetenesta. Som leiar må ein erkjenne korrupsjonsrisikoen for å kunne iverksette førebyggande tiltak.
I rapporten kan du lese meir om rundebordskonferansen om antikorrupsjon som vart gjennomført 29. august 2022. Her sat toppleiinga i helseforetaka og drøfta konkrete område der spesialisthelsetenesta har risiko for korrupsjon og diskuterte kva risikoreduserende tiltak som kan setjast i verk.
Rammeverk for samfunnsansvar
Styra i dei regionale helseforetaka har vedteke Spesialisthelsetenesta sitt rammeverk for samfunnsansvar.
Formålet med rammeverket er å klargjere kva rammer og føringar som gjeld for området, herunder oppfølging av staten sine forventingar til ansvarlig verksemd.
For å arbeide effektivt og unngå dobbeltarbeid på samfunnsansvarsområdet er det turvande å arbeide heilskapleg med samfunnsansvar. Helseforetaka har i ei årrekke arbeidd systematisk med miljøleiing. Eit felles rammeverk for samfunnsansvar kan bidra til meir systematisk oppfølging av heile området. For å unngå fleire overordna dokument under paraplyen samfunnsansvar, blir Rammeverk for miljø og bærekraft erstatta med Spesialisthelsetenesta sitt rammeverk for samfunnsansvar.