Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny infusjonspoliklinikk ved Lærdal sjukehus

Helse Førde er i gang med å bygge ein ny infusjonspoliklinikk i Lærdal. Poliklinikken tek imot pasientar som får intravenøse behandlingar, som blant anna cellegift, frå heile Indre Sogn. Det er hektisk aktivitet og mange avanserte behandlingar som blir utført. Med oppgraderinga får dei betra tilhøve både for pasientar og tilsette.

Publisert 31.10.2023
Sist oppdatert 02.11.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
SER FRAM TIL OPPGRADERTE LOKALE: Dei tilsette gler seg til å få betre arbeidstilhøve. Frå venstre sjukepleiar Elin Sprakehaug Hunderi, sjukepleiar Rebecca Hartman-Thim, spesialsjukepleiar Jannike Svarstad og stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Vidar Øvrebø.

Dei tilsette gler seg til å få oppgraderte lokale, og endeleg få tilgang på eige medisinrom og samtalerom. Dei handterer avanserte behandlingar med mange ulike medikament som dei blandar sjølve. Lett tilgang på eit eige medisinrom vil gjere arbeidet meir effektivt. I dag må dei opp ein etasje for å blande medikament, noko som er tidkrevjande.      

- I dag skjer behandling i eitt rom, og samtalar og medisinblanding i andre rom. Når det er fleire pasientar inne til behandling er det vanskeleg med samtale. Dei tilsette ser fram til og endeleg få samla dette i poliklinikken, seier Vidar Øvrebø, stadleg leiar ved Lærdal sjukehus.  

Pasientane set pris på trygg​​heit og ro  

Ved lokalsjukehuset gir dei behandling til pasientar frå heile Indre Sogn. Dei har pasientar inne til dagbehandling innan kreftbehandling og andre fagområde.  

- Behandlingane varierer frå 30 minutt til 5-6 timar. Pasientane set stor pris på roen av å komme hit, og få behandling i trygge omgjevnadar i nærområdet. I ein sårbar situasjon er tryggheit viktig, og vi prøvar å legge til rette for det. Vi gler oss til å kunne tilby endå betre tilhøve i behandlingssituasjonen deira i nye lokale, seier Jannike Svarstad som er spesialsjukepleiar innan kreft- og geriatri.    

Det har vore ein stor auke i behandlingar, og sjukehuset tilbyr også fleire ulike behandlingstypar. Immunterapi og telemedisinske konsultasjonar er gode eksempel på område der vi ser kraftig auke. Her er det stort behov for større plass, og eigna rom for å ivareta pasientane på best mogleg vis.   

- I dag må vi leite etter tilgjengelege rom andre stadar på sjukehuset for å kunne gjennomføre ein uforstyrra telemedisinsk konsultasjon. I framtida vil vi kunne handtere dette i eigna lokale ved poliklinikken når samtalerommet er på plass. Dette gir større effektivitet, og vi kan hjelpe fleire pasientar, seier sjukepleiar Rebecca Hartman-Thim.

Gler seg til innflyttin​​g i nye lokale 

Stadleg leiar Vidar Øvrebø, er svært glad for at arbeidet med infusjonspoliklinikken er i gang, slik at tilhøva for både pasientar og dei tilsette blir betra innan kort tid.   

- I perioden når arbeidet pågår vil vi flytte aktiviteten til andre stadar ved sjukehuset. Vi håpar på ein effektiv ombyggingsperiode, slik at ferdigstilling og innflytting kan skje før jul, avsluttar Øvrebø.

En tegning av et hus
SKISSE: Slik ser teikningane til den nye infusjonspoliklinikken i Lærdal ut.