Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lokal innovasjon inn i nybygget til Helse Førde

Helse Førde trengde ei trygg løysing for å lade mobiltelefonane som blir nytta i pasientbehandling. Ei løysing som ladar mobiltelefonane trådlaust og mange på ein gong.

Publisert 17.11.2023
Ein person som står framfor eit ladeskap for mobiltelefonar

Foto: Helse Førde

I dette skapet kan ein lade opp til 40 telefonar samtidig.

- Vi fann ikkje eit produkt i marknaden med god nok funksjonalitet, så vi utfordra Campus Verftet til å utvikle det vi trengde, seier ingeniør i byggeprosjektet Øyvind Hjelmeland. 

I det nye sjukehusbygget, Livabygget, skal det installerast sju skap for lading av mobiltelefonar utvikla lokalt av Campus Verftet. Dei tekniske løysingane baserer seg på kjent teknologi, men brukt på ein heilt ny måte.
  
- Når marknaden ikkje kan levere det vi treng, er det eineståande at vi kan vende oss til ein lokal aktør som kan omsette våre behov og krav til løysingar vi kan bruke. Dette er innovasjonsevne vi verdset høgt, seier administrerande direktør Arve Varden. 

Krav til det nye produktet

Campus Verftet fekk ei rekkje krav til funksjon og design. Helse Førde si vurdering av liknande produkt i marknaden er at dei ikkje gir trygg nok lading. Spesielt å hindre spreiing av brann i eit mobiltelefonbatteri er viktig. Når slike batteri startar å brenne er dei vanskelege å sløkkje. Dette fordi brannen er kjemisk sjølvoksiderande, det vi seie sjølvforsynt med oksygen.

Måten brannsikkerheit er løyst på

Oppstår det unormal varmeutvikling i ladeskapet, blir det tilført ein gass som kjøler ned temperaturen i skapet slik at det aldri blir over 500°C. Det hindrar dei andre telefonane i å ta til og brenne. Gassen er ikkje skadeleg for menneske og blir brukt for å kjøle ned elektrotavlene i Livabygget. Leverandøren av nedkjølingssystemet, Nortronik, vart førespurt om dei kunne overføre same system til ladeskapa. Dette har Nortronik løyst og har utvida bruksområde for teknologien.  

Ein person står framfor eit ladeskap for mobiltelefonar

Foto: Helse Førde

- Vi fekk laga to prototypar som vi plasserte ut til testing på sjukehuset. Tilbakemeldingane frå brukarane førte til nokre justeringar før vi no har fått eit av sju ladeskap ferdig montert til bruk i Livabygget, seier Hjelmeland.

Innovasjonen er berre i starten

Når samarbeidspartane ser kva produktet har blitt, ser dei nye mogelegheiter i den tekniske løysinga. Vidare skal det forskast på funksjonar som UV-desinfisering, visuelle alarm, tilgangstyring, shimming-sikring og mogelegheit for å lade personlege mobiltelefonar.

Personar framfor ladeskapet for mobiltelefonar

Foto: Helse Førde

Sentrale i utviklingsarbeidet er systemforvaltar i Helse Vest IKT Daniel Nordbotten, laboratorieingeniør i Campus Verftet, Bengt Edvardsen, her saman med Øyvind Hjelmeland i Helse Førde.

Krav til produktet

  1. Spesialtilpassa Helse Førde sin mobile plattform, og enkelt kunne tilpassast til nye mobilmodellar.

  2. Fleksibilitet i tal ladefelt i skapet.

  3. Indikator på ladestatus «opplada» og «ladar».

  4. Justerbar høgde på ladehyllene slik at ein kan sjå skjermen på telefonen uavhengig av kvar i skapet telefonane ligg til lading.

  5. Eit anlegg i skåpet som sløkker brann i lithium-ion-batteri/mobiltelefonbatteri