Lokal innovasjon breier seg i bruk
«Pust Deg Bedre» er eit digitalt verktøy for kronisk lungesjuke og deira behandlarar. Det digitale verktøyet er utvikla gjennom eit innovasjonsprosjekt i Helse Førde. Verktøyet er ein applikasjon og vart gjort tilgjengeleg i 2020. Applikasjonen er gratis å laste ned til telefon eller nettbrett.
Grunder og fysioterapeut Elin Johnsen har jobba målretta med å gjere verktøyet kjent og teken i bruk av både behandlarar og pasientar i Noreg.
- Dette er viktig av fleire grunnar. Det er først når verktøyet blir teke i bruk at innovasjonen får sin eigentlege verdi. Det aukar òg sjølvkjensla i Helse Førde at vi får fram innovasjonar som har nasjonal interesse, seier administrerande direktør Arve Varden.
Fram til no er appen lasta ned 6500 gonger
«Pust Deg Bedre» er ein applikasjon som skal hjelpe lungesjuke til å utføre pusteteknikkar for å fjerne slim og lett tungpust. Pusteteknikkane er visualisert ved hjelp av animasjonar, som både viser korleis øvingane skal gjerast og kva som skjer i luftvegane når øvingane er gjort.
Frå lokal til nasjonal bruk
Breidding av applikasjonen vert gjort på fleire arena, som undervisning på Høgskulen på Vestlandet, presentasjonar på kurs i regi av Norsk Fysioterapiforbund og ulike seminar. Det siste året er det arrangert fagseminar i fleire regionar med stor suksess. Eit fagseminar i Bergen i februar hadde nesten femti deltakarar, på Gjøvik var det over tjue påmelde, og no i november skal Johnsen til Stavanger og halde tilsvarande kurs, med fram til no tjueni påmelde.
Smart helsehjelp
Mange trur at morgondagens pasientar vil vere meir aktive og stille krav om behandling og løysingar som førebygger. Appar som «Pust Deg Bedre» er eit av svara som kan møte denne etterspørselen. Å vere på tilbydarsida ved å gje innsikt i bruk av «Pust deg Bedre» gir god fart i bruken av ny teknologi og nye løysingar.
- For at appen skal ha verdi for kronisk lungesjuke, treng dei ein fysioterapeut som kan gje kyndig rettleiing. Disse fagseminara gir oss ein mogelegheit til å gå djupare inn i faget lungefysioterapi og appen «Pust Deg Betre». Denne kombinasjonen har vist seg å vere vellykka. Resultatet er at fysioterapeutane kjenner seg rusta til å ta verktøyet i bruk, seier Johnsen.