Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kvalitetskonferansen 2023

Kvalitetsutvalet i Helse Førde inviterer til konferanse om kvalitet i helsetenestene. Denne årlege konferansen, som samlar tilsette i Helse Førde og tilsette i kommunane, handlar i år om  tenesteutvikling. Programmet er både variert og innhaldsrikt, og har noko for mange.

Publisert 29.09.2023

2023-09-27_Kvalitetskonferansen_ill for SoME.jpg

Meld deg på!

- Vi har laga eit variert program med korte innlegg som vi trur har allmenn interesse. Vi skal presentere eit utval av dei mange tenesteutviklingsprosjekta som er i gang i Helse Førde, og det blir ei god breidde i programmet, seier leiar i for arrangements komiteen, avdelingssjef Kari Anne Indrebø.  

Tittelen på konferansen, “Nye Førde sjukehus – eitt år igjen, er vi klare?” er sett for å belyse tenesteutviklinga vi held på med for å gjere oss klare til å ta i bruk det nye sjukehusbygget, som opnar neste år.  
- Motivasjonen er å dele innsikt som er nyttig, men òg å inspirere, motivere og gje innspel til dei som er engasjert i tenesteutviklingsarbeid, seier Indrebø.  

Kva tenkjer du er godbitar for eksterne deltakarar?  


- Det er fleire! Eg vil tru at innlegget om samhandling på ortopedisk avdeling, om korleis det blir å jobbe i det nye akuttmottaket, og om brukarstyrte poliklinikkar er tema som tilsette i kommunehelsetenesta òg vil finne interessante.  

For dei som arbeider mykje med eldre og aldrande er innlegget om aldring og trening eit svært nyttig og relevant tema, seier Indrebø. 

Påmeldingsfrist er 9. oktober 

Kvalitetskonferansen blir arrangert på Førdehuset 19. oktober. Lenke til program 

Eksterne deltakarar melder seg på via e-post til: post@helse-forde.no 

Konferansepris, inkludert lunsj (Eventuell spesialdiett må meldast på førehand​): 
Eksterne: kroner 1000,- 
Studentar: kroner 500,- 

Faktura vert ettersendt.