Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kan få digital oppfølging frå sjukehuset

Sidan i vinter har Helse Førde arbeidd med å innføre såkalla behovsstyrt poliklinisk oppfølging, og er i ferd med å utvide tilbodet innan fleire kategoriar. Tilbodet passar godt for pasientgrupper som skal ha kontroll og oppfølging frå sjukehuset, og gjer at mange av dei slepp å møte opp fysisk.

Publisert 25.04.2023
Systemet behovsstyrt poliklinisk oppfølging gjev pasienten høve til å kommunisere digitalt med behandlaren på sjukehuset, og kan gjere at pasienten slepp å reise fysisk inn til timen - alt etter kva opplysningar og tilbakemeldingar behandlaren får frå pasienten. Tilbodet er aktuelt for pasientar med kroniske lidingar og pasientar som treng oppfølging etter inngrep. 

På nevrologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus har sjukepleiar Solveig Øvrebø allereie 30 pasientar inne på si liste over dei som får slik oppfølging, og forventar å ha rundt 90 pasientar inne på behovsstyrt poliklinisk oppfølging innan utgangen av året. Dette er pasientar med kjent epilepsi som skal ha regelmessig, halvårleg oppfølging av sjukehuset. No kan mange av dei sleppe reisa inn til sjukehuset kvar gong, gitt at resultatet av pasienten sin digitale respons tilseier det. Slik føregår det:
 
Pasienten mottek ein SMS med lenke til sjukehuset si løysing for eigenregistrering. Her loggar pasienten inn med bankID, og svarer på spørsmål på eit digitalt skjema. All informasjon blir lagra sikkert og lagt inn i vedkommande sin pasientjournal. Behandlaren på sjukehuset vurderer svara og eventuelt behov for vidare oppfølging. Blir svara  kategorisert som grøne, er det ikkje behov for ytterlegare oppfølging frå sjukehuset i denne omgang. Er det kategori gult vil behandlar ringe opp og snakke med pasienten, og er det rødt vil pasienten raskt bli kalla inn til fysisk time på sjukehuset.

behovsstyrt.PNG


- Løysinga krev litt av pasientane, men dei fleste er godt budde og svarer greit. Eg meiner denne måten å følgje opp desse pasientane på kan spare dei for både reisetid og venting, og det sparer også tid for helsepersonellet, seier Solveig Øvrebø.

Også ortopedisk avdeling i Helse Førde har teke i bruk løysinga, i første omgang til oppfølging av pasientar med handleddbrot og skulderskader. Så langt er det ikkje snakk om dei store pasientvoluma, men tilbodet er under oppbygging. I løpet av året er det planar om å utvide med oppfølging av pasientar som er hofteopererte, og på sikt er målet etter kvart å følgje opp operasjonar i alle kroppens ledd på denne måten.

- Vi gjer dette for å spare pasienten for å reise inn til fysisk kontroll på sjukehuset, og reknar med at rundt 65 prosent av dei handopererte ikkje treng å reise inn til oss for oppfølging, seier avdelingssjef Kari Anne Indrebø ved ortopedisk avdeling. - Ein annan grunn til at vi gjer det, er at vi på denne måten får utnytta kapasiteten til våre legar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og ergoterapeutar best mogeleg​​. 

Kari Anne indrebø.JPG

SER FORDELANE: Avdelingssjef Kari Anne Indrebø på ortopedisk avdeling ser fleire fordelar med å kommunisere digitalt med pasientane. Spart tid og færre reiser, er stikkorda. 

Også i Medisinsk avdeling arbeider dei med å innføre behovsstyrt poliklinisk oppfølging. I første omgang for pasientar med kronisk inflammatorisk tarmsjukdom (IBD). Dei er i no i ferd med å teste ut løysinga med dei første pasientane.

På Helse Førde sine nettsider finn du meir informasjon om behovsstyrt poliklinisk oppfølging:
https://helse-forde.no/behandlinger/behovsstyrt-poliklinisk-oppfolging