Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dei store utfordringane vi står framfor

Helse Førde står framfor tunge tak i arbeidet med å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene. Over 70 konkrete forslag til tiltak er meldt inn, og desse blir det no arbeidd vidare med.

Publisert 26.10.2023
Sist oppdatert 02.11.2023
En mann i dress
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.​

- Vi håpar sjølvsagt på noko meir pengar i statsbudsjettet, men så langt er det ingen signal om det, seier administrerande direktør Arve Varden.

Nokre av tiltaka er knytt til drift, og fleire av desse kan linja gjennomføre. Andre tiltak krev støtte frå administrerande direktør og føretaksleiinga, medan tiltaka med størst innverknad på helsetilbodet og tilsette krev svært nøye vurderingar før noko blir endeleg bestemt. Heile denne prosessen involverer både tillitsvalde og vernetenesta i Helse Førde.


Dette er tiltak av den siste kategorien som det no blir arbeidd med:

  • Vurdere tenestetilbodet innan TSB og tilbodet på Tronvik
  • Utsetje oppbygging av rehabiliteringstilbodet ved Førde sentralsjukehus
  • Vurdere Helse Førde sitt tenestetilbod i Florø
  • Vurdere tilpassingar i drifta ved ortopeditilbodet i Lærdal
  • Vurdere tilpassingar ved skadepoliklinikk Nordfjord sjukehus
  • Sommarstenging av sengepost ved Indre Sogn psykiatrisenter
  • Tilpasse drift ved Nye Førde sjukehus til dei økonomiske rammene
  • Redusere 10 årsverk i administrasjon og stab
  • Innføre parkeringsavgift ved alle institusjonar
  • Redusere variabel løn og faste tillegg
  • Tilpasse drifta i helg og ferieavvikling
  • Utnytte ressursane betre på tvers av sengepostar og poliklinikk
  • Redusere investeringsbudsjett og vedlikehald av bygg

Og i tillegg må ein heile tida vurdere om det fins fagområde der den medisinske utviklinga opnar opp for endringar, eller om det fins fagområde der det er overkapasitet i Helse Førde?

Tiltak som skal gjennomførast i drifta, blir etter planen gjennomført gjennom linja. Tiltak som krev nærare analyse, samt intern og eventuelt ekstern involvering i korleis konsekvensane blir, må vidare utgreiast. Her er det gjeve tidsfristar for gjennomføring av analyse. Analysen kan ende opp i eit vedtak som skal gjennomførast, eller så kan det bli vurdert som urealistisk eller ikkje ønska utfrå dei ulike kriteria og rammevilkår som ligg føre.

- Fleire av desse tiltaka vil vere krevjande å gjennomføre. Vi treng difor å gjere grundige analysar før vi kjem med dei endelege forslaga, seier Varden. Han understrekar at ingen av tiltaka er avgjort å gjennomføre enno. Dei endelege vedtaka skjer etter alle solemerke først på styremøte rett før jul.

Krava til omstilling og føreslegne tilpasningar vil i nokre tilfelle gå over ein lengre tidsperiode, og prosessane vil uansett kunne gå langt ut over året vi er inne i no. 
Administrerande direktør har allereie gjennomført orienteringsmøter med leiarar på nivå 2 og 3, og han skal i dag onsdag ha tilsvarande møte med hovudtillitsvalde og verneombod framfor styremøtet på Tronvik torsdag.

I botn av arbeidet med å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene ligg at sjukehusstrukturen med tre sjukehus i Helse Førde skal oppretthaldast.

- Vi skal så langt råd er strekke oss etter at ingen fast tilsette skal misse jobben. Men vi kan ikkje utelukke at nokre kan få endra arbeidsoppgåvene sine eller arbeidsstad, seier Varden.