Barseltilbod opnar att
Barseltilbodet ved Nordfjord sjukehus opnar att 16. oktober.
Publisert 06.10.2023

NORDFJORD SJUKEHUS: Fødande får tilbake tilbodet om barselopphald frå måndag 16. okober.
Barsetilbodet med overnatting for kvinner og barn vart stengt før ferien. Årsaka var jordmormangel. I perioden frå før ferien har fødande som soknar til sjukehuset på Nordfjordeid, hatt tilbod om å få barseltida på Førde sentralsjukehus.
- I første omgang er det dei friskaste barselkvinnene som får tilbod om å ha barseltida ved Nordfjord sjukehus, opplyser Hansen Folkestad.
Sidan i vår har Helse Førde drive eit jordmorsenter ved sjukehuset. Her er jordmor tilgjengeleg 24 timar i døgnet. Jordmorsenteret har også utvida opningstida for poliklinikktilbod frå klokka 08.00 til 20.00.
- Nokre syns det er har stor verdi å kunne reise til kontroll etter jobb, seier avdelingssjefen.
Jordmorsenteret tilbyr no også fødselsførebuande kurs og ammekurs.
Alle andre tenester enn barseleininga har vore i full drift gjennom sommaren.