Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

803 fødslar i fjor

Talet fødslar i Helse Førde i fjor låg godt under føregåande åra.

Publisert 09.01.2023
Sist oppdatert 10.01.2023
​Merk at dette er talet på fødslar, ikkje talet på fødde barn i Helse Førde. 
Slik ser fødselstala ut dei seinaste åra:

  • 2016: 891
  • 2017: 934 
  • 2018: 863
  • 2019: 871
  • 2020: 826
  • 2021: 931
  • 2022: 803

Klokka 10.21, på årets første dag, vart vesle Millie Jordanger, 3914 gram og 51 centimeter, fødd på Førde sentralsjukehus etter at mamma Isabell hadde kjørt frå Sandane til sjukehuset i Førde same morgon. Vesle Millie stakk dermed av med tittelen årets nyttårsbarn 2023 i Helse Førde.