5000 møtte ikkje til timen i fjor
I 2022 var det beramma over 5000 konsultasjonar i Helse Førde der pasienten ikkje møtte. Samtidig stod rundt 7500 personar i ventelistekø. - Ved å møte til oppsett time er du med på å ivareta vår felles helseteneste, seier fagdirektør Asle Kjørlaug i Helse Førde.
Publisert 27.02.2023
I Helse Vest sitt område er vi blant dei flinkaste til å møte til sjukehustimen. Likevel skaper dei meir enn 5000 som ikkje møtte i fjor, problem i ein periode då Helse Førde er prega av lange ventelister og kapasitetsutfordringar innan nokre fagfelt.
- Eg håpar folk tenkjer på at spesialisthelsetenesta er eit felles gode, og at det er i alle si interesse å forvalte dette best mogeleg, seier Kjørlaug. - Dette inkluderer også at ein ber om å få endra timetidspunktet berre når dette nødvendig, til dømes dersom ein har fått forverra helsetilstand og treng raskare time på sjukehuset.
I 2022 fekk Helse Førde nær 30 000 pasientønska avbestillingar, som resulterte i mykje ekstraarbeid med replanlegging og utfordringar knytt til utsending av viktig pasientinformasjon.
- Når pasientane bidrar med sin del, skal vi i spesialisthelsetenesta jobbe endå meir med å tildele timar og yte nødvendig helsehjelp til dei som står i ventelistekø eller ventar på oppfølgingstime, seier fagdirektør Asle Kjørlaug.