Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utval skal vurdere kommersielle velferdstenester

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, er ein av 13 medlemmer i eit regjeringsoppnemd utval som skal greie ut korleis kommersiell drift kan utfasast i skattefinansierte velferdstenester. Tor Saglie, tidlegare departementsråd i Justisdepartementet, skal leie utvalet.

Publisert 15.08.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Utvalet skal levere utgreiinga si i form av ein NOU til Kommunal- og distriktsdepartementet innan 20. juni 2024. Utvalet skal i tillegg levere ein delrapport med framlegg om juridisk definisjon av ideelle verksemder.

- Eg er svært nøgd med at vi har fått på plass eit breitt samansett utval med relevant kompetanse og erfaring, med representantar frå ulike delar av landet. Det er eit viktig arbeid utvalet skal utføre, seier kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) - Dei offentlege velferdstenestene i Noreg er bygd opp med skattefinansiering og folkevald kontroll for å gi befolkninga lik tilgang og eit godt tilbod av grunnleggjande tenester innan helse, utdanning og omsorg. Legitimiteten til den norske velferdsmodellen kviler på at skattepengane kjem fellesskapet til gode i form av gode velferdsytingar til innbyggjarane, og ikkje endar opp hos store kommersielle eigarar, seier Gjelsvik.
Ein mann som sit på ein benk utandørs


Arve Varden seier at ser på dette som eit viktig og spennande oppdrag, men at vilkåret hans for å delta er at arbeidet i utvalet kan kombinerast med jobben som administrerande direktør i Helse Førde. 

Breitt samansett utval

Utvalet har 13 medlemmer med variert yrkes- og erfaringsbakgrunn. Regjeringa har oppnemd følgande personar:

- Tor Saglie (utvalsleiar), direktør i NAV og tidlegare departementsråd i Justisdepartementet 
- Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde, tidlegare kommunaldirektør i Høyanger kommune
- Eli Blakstad, direktør for helse, sosial, barnehage, opplæring, barnevern og familie, Statsforvaltaren i Innlandet
- Gøril Bjerkan, økonom og jurist (PhD), rådgjevar samfunnspolitisk avdeling i LO
- Hogne Eidissen, kommunedirektør i Senja kommune
- Ingunn Tollisen Ellingsen, professor ved det samfunnsvitenskapelige fakultet i Stavanger, leiar av nettverk for velferdsforskning
- Ragnhild Finden, styreleiar og eigar av Kausvol gardsbarnehage AS og nestleiar i Private barnehagers Landsforbund.
- Linn Herning, dagleg leiar i alliansen For velferdsstaten
- Benjamin Endre Larsen, HR-direktør ved Diakonhjemmet Omsorg AS
- Marie Nygren, jurist og spesialrådgjevar i Oslo kommune i Byrådsavdeling for helse, eldre og innbyggjartenester
- Karl Henrik Sivesind, Dr.polit. i sosiologi, forskar 1 ved Institutt for samfunnsforskning
- Marta Szebehely, professor emeritus i sosialt arbeid, Stockholms universitet
- Nils-Ola Widme, jurist, næringspolitisk direktør i NHO

Mandat for utvalet

Utvalet si oppgåve blir å greie ut ulike alternativ, etter tre hovudmodellar: 1) tenestene vert gjennomførte i offentleg eigenregi, 2) tenestene vert overtekne av private ideelle aktørar, eller i ei blanding av offentleg eigenregi og ideell drift, til dømes at ved at kjernekapasiteten i ein sektor er offentleg, men supplert av langsiktige samarbeid med ideelle aktørar. I tillegg til å greie ut desse alternativa skal utvalet som eit tredje alternativ også greie ut mo
glegheiter for framleis innslag av kommersielle aktørar med utgangspunkt i ei strengare regulering av verksemda deira enn i dag.

Utvalet skal særleg vurdere følgjande sektorområde:

  • spesialisthelsetenester, mellom anna innan rus, psykiatri, habilitering, rehabilitering, kirurgi
  • barnehagar
  • skular (grunnskular og vidaregående skular)
  • barnevern
  • eldreomsorg (både i institusjon og heimebaserte tenester)
  • asyl- og flyktningmottak
  • arbeidsmarknadstiltak

Heile mandatet for utvalet finn du HER (PDF)