Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Store konsekvensar ved stenging av Lærdalstunellen

Den planlagde tunellstenginga vil få store konsekvensar, ikkje berre for Lærdal sjukehus, men for heile Helse Førde. Dei avbøtande tiltaka er langt frå å kompensere dei negative konsekvensane.

Publisert 27.12.2022
Sist oppdatert 02.01.2024

​Det skriv administrerande direktør Arve Varden i i Helse Førde i eit notat til Helse Vest. Der orienterer Varden om planane Statens vegvesen har for å oppgradere verdas lengste biltunell, og konsekvensane for Helse Førde. Her kan du lese heile notatet:

​Notat om ste​nging av Lærdalstunellen 

Administrerande direktør i Helse Førde ønskjer med dette notatet å orientere Helse Vest RHF om planane Statens vegvesen har for å oppgradere Lærdalstunellen. Alternativa Vegvesenet skildrar vil ha store konsekvensar både for Helse Førde og Lærdal sjukehus.

B​akgrunn 


Lærdalstunellen er verdas lengste vegtunell. Tunellen er 24,5 kilometer og går mellom Aurland og Lærdal i Indre Sogn. Den er ein del av E16, hovudvegen mellom Bergen og Oslo. Tunellen vart opna i november 2000, og kosta den gongen 1,08 milliardar kroner.  

Statens vegvesen skal oppgradere tunellen. Dette kjem etter krav frå EU, men i følgje Vegvesenet er situasjonen også slik at tekniske anlegg inne i tunellen krev modernisering og utbetring. Tunellar «går ut på dato» etter 20-25 år, og vegstyremaktene meiner Lærdalstunellen no har kome dit at oppgradering er nødvendig uavhengig av EU-krav. 

Alterna​tiva og avbøtande tiltak 

Statens vegvesen har lansert fleire alternativ for korleis arbeidet skal gjennomførast. Dette er dei mest aktuelle: 

  • Full stenging i eitt år, og deretter nattestenging i to år. 
  • Nattestenging i åtte timar over fire til fem år. 
  • Stenging i tolv timar over tre til fire år. 

I fleire møte siste tida, seinast i møte med Helse Førde 30. november, har det kome fram at Statens vegvesen ønskjer seg alternativet med full stenging i eitt år. Samstundes avviste representantane frå vegvesenet i dette møtet kategorisk eit alternativ om å byggje eit nytt tunnelløp som trafikken kan bruke i perioden med oppgradering. Dette alternativet har vore lansert frå kommunar i området, men vegvesenet meiner det vert for dyrt.  

Får å avbøte konsekvensane av ei omfattande stenging, har Vegvesenet lansert nokre tiltak: 

  • Hurtigbåt på Sognefjorden mellom Aurland og Fodnes med bussruter vidare til Lærdal og Årdal  
  • Utbetring av veg over fjellet 
  • Arbeidsrute med buss frå Aurland til Årdal  

Konsek​vensar for Helse Førde


Den planlagde tunellstenginga vil få store konsekvensar, ikkje berre for Lærdal sjukehus, men for heile Helse Førde. Dei avbøtande tiltaka er langt frå å kompensere dei negative konsekvensane.  

Reisetida med hurtigbåten vert kring 1,5 timar kvar veg. Vegen over fjellet er den høgast liggande fjellovergangen i landet (1308 m.o.h.), og er normalt vinterstengd mellom november og juni. Fjellvegen, som har dårleg standard, er derimot svært populær som turistveg i sommarmånadene. Seinast i sommar var trafikkavviklinga i periodar svært krevjande med utforkøyringar, kollisjonar og køar.  

Med slike avstandar vil tilsette som bur på Aurlandsida av tunnelen, ha store vanskar med å kunne halde fram med å pendle til sjukehuset i Lærdal. I dag arbeider tolv personar frå Aurland på sjukehuset, elleve av desse er sjukepleiarar. Helse Førde er budd på å tilpasse arbeidstider og leggje til rette for overnatting for medarbeidarar busette i Aurland. Likevel har dei aller fleste alt signalisert at dei kjem til å slutte; pendlarvegen vert for lang. Sjølv eit stort sjukehus vil få store vanskar med drifta dersom elleve sjukepleiarar forsvinn over natta. Då seier det seg sjølv at konsekvensane for eit lite sjukehus som Lærdal, vil vere dramatiske.  

Også pasientane vil merke konsekvensane. Pasientgrupper frå store delar av Indre Sogn som har risiko for å måtte overførast til Haukeland i sjukdomsforløpet, må leggast inn i Førde. Årsaka er at tunnelarbeidet stengjer vegsambandet frå Lærdal mot Bergen. Pasientar i Aurland kjem seg ikkje til behandling i Lærdal, men må tilvisast Voss sjukehus. Situasjonen vil svekke pasientgrunnlaget for Lærdal sjukehus, men samstundes leggje ekstra press på kapasiteten ved Førde sentralsjukehus.  

Helse Førde har i dag ambulansestasjon ved Lærdal sjukehus som dekkjer Aurland gjennom Lærdalstunellen. Stengealternativa som vegvesenet greier ut, vil gje uakseptabel utrykkingstid. Frå Aurlandsvangen til Voss er det rundt 74 kilometer og kring ein times køyretid, så det er heller ikkje noko alternativ å bruke ambulanse frå Voss. For å halde opp ein tilfredsstillande beredskap, vil Helse Førde av den grunn truleg måtte etablere ein ambulansestasjon i Aurland dei åra tunellutbetringa skal gå føre seg. Berre her snakkar vi om kostnader på titals millionar. 

Oppsumm​ering 

Same kva alternativ Vegvesenet endar på, kan vi alt no seie at konsekvensane for sjukehuset i Lærdal og heile føretaket vert store. Dei viktigaste kan oppsummerast slik: 

  • Pasientar får lenger reiseveg.  
  • Det vil verte svært krevjande å oppretthalde nødvendig kompetanse ved Lærdal sjukehus. 
  • Sjukehuset i Lærdal vil få færre pasientar. 
  • Kapasiteten ved Førde sentralsjukehus vil verte utfordra. 
  • Helse Førde vil få auka kostnader med fleire titals millionar. 
Helse Førde har delteke i møte med Lærdal kommune om stenginga, og vil framover ha kontakt og samrå oss med aktuelle kommunar, statsforvaltar og andre som får konsekvensar av ein så lang stengeperiode.  

Vegvesenet har gitt Helse Førde frist til 01.02.2023 for å greie ut og kome med tilbakemeldingar på kva konsekvensar ei tunnelstenging vil ha for føretaket.