Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skal undervise i Tyskland

Har små helseføretak i Norge noko å bidra med på den internasjonale faglege arenaen? Ja, det har Helse Førde bevist tidlegare, og vi gjer det gjen: No er to av våre tilsette invitert til å undervise og rettleie kollegar ved Hamburg universitetssjukehus i Tyskland. Tema: 4-dagars behandling av tvangsliding.

Publisert 31.08.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Psykolog Ida Ueland Sætre og spesialkonsulent Thorbjørn Olsen, begge frå Helse Førde, er invitert til å delta i eit internasjonalt forskningsprosjekt på 4-dagars behandling av OCD (tvangsliding).
Dette skjer i samband med eit forskningsprosjekt som tek sikte på å spreie 4-dagers behandling (B4DT) av OCD internasjonalt. I høve dette har Helse-Bergen og OCD-teamet der, førespurd dei fagleg leiande miljøa i Norge om å bistå i denne prosessen. Og Ueland Sætre og Olsen i Helse Førde utgjer eit av desse fagmiljøa.
Prosjektet er finansiert av Kavlifondet. 

Meininga med dette prosjektet er å lære opp fagmiljø knytt til denne opplæringa, som er blant dei fremste fagmiljøa internasjonalt. 

Ueland Sætre og Olsen skal delta i opplæring og rettleiing  knytt til Hamburg Universitetssykehus i veke 36, frå den 5. til og med den 9. september. 
Ei kvinne og ein mann som står utanfor ein mørk bygning


HAMBURG NESTE: Thorbjørn Olsen og Ida Ueland Sætre er på reisefot til Tyskland, der undervising i 4-dagarsbehandling av tvangsliding står på programmet.