Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny MR-maskin på plass i Førde

Radiologisk avdeling ved Helse Førde har fått på plass ei ny MR-maskin som hevar både kvalitet og kapasitet innan diagnostikk og utgreiing av ein del tilstandar. Den nye maskina vil bidra til kortare ventetider, og ein del pasientgrupper som tidlegare måtte reise ut, kan no få gjort undersøkingane ved sjukehuset i Førde.

Publisert 04.11.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Den nye MR-maskina ved sentralsjukehuset erstattar ei maskin frå 1990-talet, og har høgare feltstyrke. MR står for magnetresonans, les meir om undersøkinga HER

- Saman med den maskina ein allereie har ved sentralsjukehuset, vil tilbodet bli framtidsretta og godt. Dei ulike typane maskin har kvar sine fortrinn, dei er gode på kvar sine ting, seier Børge Stavland, avdelingssjef ved radiologisk avdeling. - På nokre område vil vi kunne få ei høgare kvalitet på undersøkingane. 

Etter ein lang periode med berre ei maskin ved sentralsjukehuset, ser han no fram til ei meir robust drift med auka kapasitet. Etter at den nye maskina er ferdig montert og blir tatt i bruk om nokre veker, trur han ventetidene vil ligge på eit noko lågare nivå enn det som har vore den siste tida. Då kan også nokre pasientgrupper som ikkje har hatt eit tilbod i Helse Førde få det ved sentralsjukehuset. 

I hovudsak er det innan diagnostikk og utgreiing av enkelte nevrologiske tilstandar den nye maskina har eigenskapar som gjer det fordelaktig å nytte den framfor maskiner med lågare feltstyrke. Men også innan muskel- og skjelettdiagnostikk kan ein nyttiggjere seg dei muligheitene som kjem med det nye utstyret.

Deretter vil det bli ein periode på to veker med montasje av sjølve MR'en, og bygningsmessige og tekniske anlegg blir ferdigstilte. Deretter skal testing og opplæring av personellet starte.

maskin transporterast inn i eit bygg der fire menn overvakar hendinga

6,5 TONN PÅ VEG INN: Den nye MR'en erstattar ei maskin som har tent Helse Førde sidan siste del av 1990-talet. Om alt går etter planen så er den nye maskina ferdig montert og​ i drift frå veke 47.