Med Støre på besøk i Dagabygget
Statsminister Jonas Gahr Støre vitja i dag Helse Førde. Her kan du sjå video og foto frå besøket.
Publisert 23.11.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Etter å ha vorte helsa velkomen av styreleiar Ole Gunnar Krakhellen og administrerande direktør Arve Varden fekk statsministeren ei kort omvising i Førde BUPs del av Dagabygget. Han vart også orientert om drifta i psykiatrisk klinikk og barne- og ungdomspsykiatrien i i Helse Førde. Gahr Støre gav klart inntrykk av å vere imponert over det halvtanna år gamle bygget.
Deretter møtte han 17 år gamle Halvor Strømsli og mor hans Ingunn-Nina som fortalde om deira erfaringar med behandlingstilbodet i barne- og ungsomspsykiatrien i Helse Førde. I etterkant av møtet gav statsministeren uttrykk for at det er viktig å snakke om, og vere meir open om, unges psykiske helse.
- Tilbodet til unge menneske innanfor psykisk helse opptek oss, sa statsministeren.
Etterpå var det møte med tilsette i Førde BUP samt tillitsvalde, før Støre møtte media utanfor Dagabygget der NRK, Firda, TV2 og Dagbladet fekk høve til å stille spørsmål.