Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kan ei klokke hjelpe mot leddbetennelse?

Kan ei klokke gje betre behandling av betennelse i ledd (artritt)? Helse Førde søkjer no frivillige til ein studie for å finne ut nettopp dette.

Publisert 19.08.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
ein mann og ei kvinne med kvit uniform utandørs

Dei som vil vere med på studien kan kontakte Pavel Mielnik eller Anne Solveig Tråseth.​

Overlege Pawel Mielnik fekk interne forskingsmidlar frå Helse Førde til ein pilotstudie. No søkjer han frivillige deltakarar.
– Vi ser etter friske personar over 18 år. Dei som er med blir del av eit viktig forskingsprosjekt som på sikt kan forbetre oppfølginga av, og kvardagen til, pasientar med artrittsjukdommane leddgikt, psoriasisleddgikt og spondyloartritt, fortel Mielnik, prosjektleiar for studien og leiar ved revmatologisk seksjon i Helse Førde.

Når det er teikn til oppblussing av artritt, er det viktig at pasientane raskt kjem til revmatolog for å få sett i gang tiltak for å unngå funksjonstap og skadar på ledd og vev. I dag finst det ikkje verktøy som kan hjelpe med ei vurdering av tilstanden før pasienten møter til time.

Det ønskjer Mielnik og hans forskarteam å gjere noko med. Første steg er ein pilotstudie der dei skal undersøkje om det, ved hjelp av eit akselerometer, er råd å skilje mellom dei som har aktiv artritt og friske personar.

Vil utvikle system for fje​rnoppfølging av pasientar


– I denne studien er akselerometeret i eit «armbandsur» som måler forandring i hastigheit, slik at ein kan måle kroppens bevegelsar utifrå dette. Vi skal undersøke om ein kan sjå forskjell i målingar mellom dei to nemnde gruppene, seier Mielnik.
Eit av føremåla er å finne faktorar som kan hjelpe til med å sjå tidlege teikn til sjukdomsforverring. Studien vil også levere data til å utarbeide metodar for forsking i framtida på utvikling av eit system til fjernoppfølging av pasientar med kroniske artrittar.

– Viss vi, ved hjelp av akselometeret, kan skilje mellom friske personar og dei med aktiv artritt, ønskjer vi på sikt å utvikle eit slikt system. Då kan pasientane komme raskare til behandlar. Dei kan òg unngå unødvendige reiser til legetime viss akselerometeret og andre metodar viser at sjukdommen ikkje er aktiv, seier Mielnik.

Søkjer friv​​illige


For dei i kontrollgruppa, vil det vere snakk om eitt besøk på poliklinikken på om lag 1 til 1,5 time. Du vil først bli undersøkt og intervjua av lege og studiesjukepleiar. Så får du på deg eit «armbandsur». Dette skal du ha på deg medan du utfører nokre enkle øvingar. Sjukepleiaren rettleiar og er til stades heile tida. Når du har gjort øvingane, vert uret tatt av.

Dersom du er frisk og over 18 år, og ønskjer å vere med, kan du ta kontakt med:
  • Studiesjukepleiar Anne Solveig Tråseth, tlf: 47836183, anne.solveig.traseth@helse-forde.no eller
  • Pawel Mielnik, pawel.franciszek.mielnik@helse-forde.no.

Fakta om kr​​onisk artritt


  • Kronisk artritt påverkar pasienten si evne til fysisk aktivitet. Dette gjeld spesielt i den akutte fasen av sjukdomen, altså før ein har starta med behandling.
  • Når sjukdomen er aktiv, opplever pasientane stivheit i ledd og generelt i kroppen, spesielt om morgonen.
  • Pasientane har avgrensa rørsleevne på grunn av inflammasjon med hevelse og smerte i ledda.