Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde med deltakarar i OL for helsetilsette

World Medical & Health Games, «Medigames», er eit slags sommar OL for helsepersonell. Stor stas er det at to av våre i Helse Førde deltok på helselandslaget i fotball, som tok sølv etter å ha tapt ein nervepirrande straffesparkskonkurranse i finalen!

Publisert 12.08.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Helse Førde sine deltakarar var Abraham Horgen nr. 2 frå venstre og Øystein Østergren til venstre for mannen med pokalen.

Helse Førde sine deltakarar var Abraham Horgen nr. 2 frå venstre og Øystein Østergren til venstre for mannen med pokalen.  
Frå v. Audun Kvitvær, Abraham Horgen, William Loyd, Mathias Vinningland, Lars Halvor Røisgaard, Anders B. Pedersen, Håkon Wæhler, Øystein Østergren, Patrik Fritzon, Christian Ystebø, Oscar Ystehede, Kristoffer Pettersen. Fem spelarar reiste heim før premieutdelinga. ​

Om lag 1500 deltakarar frå 42 ulike nasjonar deltok i leikane som gikk av stabelen 3. - 10. juli. I alt blei det konkurrert i 25 idrettar, der fotball turneringa, etter seiande, har mest prestisje. 
Noreg sitt fotballag var samansett av sytten helsetilsette frå Kristiansand i sør til Kirkenes i nord. Yrkesgruppene dei representerer er legar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og ortopediingeniørar. Med frå Helse Førde var Abraham Horgen, LIS 3 i Nevrologi på Førde sentralsjukehus og Øystein Østergren fysioterapeut på Lærdal sjukehus. Laget kom til finalen, men tapte då kampen vart avgjort i straffesparkkonkurranse.  

Horgen og Østergren - begge med sentrale rollar på sølvlaget 

portrettbilete av ein mann med kvit uniform og medalje rundt halsen
Med sølvmedaljane frå 2019 leikane i Montenegro friskt i minne, var målet gull til Noreg. Det norske laget slo Polen (5-1) og Chile (4-0), og delte poenga mot Colombia (1-1) i gruppespelet. Det gav gruppesiger og avansement til kvartfinalen. 
I kvartfinalen slo Noreg eit anna colombiansk lag 1-0 og avanserte til semifinalen. Her møtte Noreg Colombia-laget frå gruppespelet, men denne gongen vann dei kampen. 

- På fotballbana har Abraham (på bildet til høgre) med sin fysikk, arbeidsmoral og evne til å forstå spelet vore ein svært viktig spelar for Noreg i turneringa. Plassert på høgre kant leverte han ein solid prestasjon, fortel Øystein Østergren, som er spelande sportssjef for Helselandslaget.​

Finalen mellom Noreg - Ungarn

Ungarn hadde vunne kvar einaste kamp i gruppespelet, og slo lag som Colombia, Brasil og Mexico. Etter stillingskrig og 0-0 etter 1. omgang, blei det mykje spenning i ein dramatisk 2. omgang. Noreg gikk tidleg opp i 1-0, men Ungarn reduserte midtveis i omgangen. To minuttar før full tid greidde Noreg å score på eit frispark, og rett etter utliknar Ungarn. Kampen går til straffesparkkonkurranse, ein konkurranse som Ungarn til slutt vinn.

ei rekkje fotballspelarar samla til lagfoto

Ungarn i kvite drakter, Noreg i raude. Det var ein velspelt og fair finale mellom dei to klart beste laga i turneringa. Det blei nok ein ergeleg 2. plass for Noreg, som mot Kasakhstan i 2019.  Abraham med drakt nr. 18, Øystein med nr. 6. *Namna på resten av det norske laget, sjå under artikkelen.

Ny sjanse i Medigames i 2023 

Neste år skal leikane haldast på Madeira i Portugal. Sportssjef for Helselandslaget Øystein Østergren har eit stort håp om at Abraham Horgen er revansjelysten som aldri før, og blir med for å gjere sølv om til gull.

- I 2023 stiller vi også med eit master lag (+36) og vi er alltid ute etter nye spelarar! I løpet av vinteren har laget ein treningsleir med kampar mot internasjonale kollega enten i London eller Budapest, avsluttar sportssjefen Øystein Østergren.  

*  

Bak frå v.: Magnus Mikkelsen, fysio. Kr.sand, Kristoffer Pettersen fysio. Kirkenes, Christian Ystebø, ortopedingeniør, Bergen, Anders Pedersen, fysio Oslo, Mathias Winningland, fysio Flekkesfjord, Audun Kvitvær Bodø, Øistein Hovde, lege Sykehuset Innlandet, William Loyd, fysio. Skien, Abraham Horgen, lege Førde sentralsjukehus. 
Framme frå v.: Patrik Fritzon, ergoterapeut, Bergen, Lars Halvor Røisgaard, Fysio. Vinje, Håkon Wæhler, fysio. Fredrikstad, Øystein Østergren, fysio. Lærdal sjukehus, Hampus Helle, lege Asker, Oscar Ystehede, lege Sykehuset Sørlandet.

Ikkje på bilde: Sindre Eng, lege Haraldsplass sykehus, som måtte rekke flyet heim på vakt.  ​


Les meir om Helselandslaget: Instagram @medigames_teamnorway​  


Fakta:
MEDIGAMES 2022 - International Sports Medicine Symposium Medigames - Medigames
3. – 10. juli 2022,  i Vila Real de Santo Antonio, Algarve, Portugal 

  • The World Medical and Health Games, har utvikla seg til å bli det mest anerkjente idretts arrangementet for medisin- og helsetilsette sidan starten I 1978.   
  • Idrettsarrangementet er ein sjanse for deltakarar til å konkurrere mot kvarandre innan ulike idrettsgreiner på sitt nivå i vennskaplege kappestridar. 
  • Kvar år er det opp til to tusen deltakarar, frå over 40 nasjonar som inspirert av dei olympiske leikane sine verdiar, konkurrerer om å bli best.​