Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn har det best heime – no tilbyr vi heimesjukehus

Avansert heimesjukehus (AHS) er eit nytt tilbod til barn og ungdom,  der Helse Førde tilbyr heimebehandling som alternativ til sjukehusopphald. AHS tilbyr behandling, pleie og oppfølging i trygge omgjevnader heime. Slik kan barn og unge, når det elles ligg til rette for det, sleppe å reise så ofte til sjukehus.

Publisert 04.10.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
​Det er viktig for barnet, men også for heile familien si helse og livskvalitet, at dei kan vere samla heime så mykje som mogeleg. Dersom barn og ungdom, eventuelt saman med ein forelder, oppheld seg mykje på sjukehus, medan resten av familien må vere heime, blir det ei stor ekstra belastning på heile familien. AHS er ein måte å unngå denne tilleggsbelastninga på. 

Tre kvinnelige sjukepleiarar kledd i kvitt som sit og står rundt ei seng.


FRÅ BARNE- OG UNGDOMSAVDELINGA: Til dagleg jobbar dei på barne- og ungdomsavdelinga ved Førde sentralsjukehus, men tre dagar i veka reiser dei ut til unge pasientar og tilbyr sjukehusbehandling heime hjå dei. Frå venstre sjukepleiar Sunniva Vie Alme, prosjektleiar Jorunn Sollid og sjukepleiar Bergljot Hjelle. Sjukepleiarane Katrine Tvinnereim og Sølvi Torset deltek også i prosjektet, men var ikkje til stades då bildet vart tatt.

Avansert heimesjukehus (AHS) tilbyr behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime som alternativ til opphald på sjukehuset. Tilbodet om avansert heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand - og om barn og familie sjølve ønskjer tilbodet. 

Målet er å tilby sjukehusbasert heimebehandling til dei barna som treng hyppig behandling i spesialisthelsetenesta, i staden for hyppige og ofte lange sjukehusopphald. 

Kvifor avansert heimesjukehus?

• Barnet og familiar har det som regel best heime
• Vi ser at barn blir fortare friske heime
• Kvardagen blir oppretthalden for heile familien
• Kvaliteten er like god som på sjukehuset
• Betre helse og auka livskvalitet for heile familien

Målgruppa er barn og ungdom i alderen mellom null og 18 år med lidingar som eignar seg til sjukehusbasert heimebehandling. Dei andre føretaka i Helse Vest er allereie  i gang med AHS, og har hausta nyttige erfaringar. Tilbakemeldingane frå både brukarane og familiane deira er svært positive, og dei opplever at AHS forenklar kvardagen, gjev mindre stress og påkjenning for alle. Barnet slepp å ta så mykje fri frå skule eller barnehage, og det blir mindre reising til og frå sjukehuset. 

Behandlinga kan føregå heime eller nær heimen, i trygge og kjente omgjevnader. 
Føresetnaden er at tilbodet har ein kvalitet som er likeverdig med behandling på sjukehus, og blir opplevd som trygt. Både dei unge pasientane og foreldra deira må ha eit klart ønske om at spesialisthelsetenestene vert ytt heime eller i nærleiken av heimen.
- AHS er eit tilbod under utvikling i Helse Førde, seier leiar for prosjektet, Jorunn Sollid. - Vi planlegg ein forsiktig oppstart med AHS hausten 2022.