2-årig traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar
Flora og Førde kommune samarbeider med Helse Førde for å vidareutvikle eit traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Nytt kull får oppstart 20. juni 2017, søknadsfrist er 6. mars. 8 ledige stillingar.
Kommunane og Helse Førde ønskjer å rekruttere og utvikle ansvarlege, fleksible, fagleg sterke og personleg skikka sjukepleiarar som gjennom programmet får auka breiddekompetanse og innsikt i dei ulike omsorgsnivåa.
Det er 8 stillingar totalt, 2 stillingar i kvar av kommunane og 4 stillingar i Helse Førde.
Aktuelle avdelingar/einingar/tenester
Flora kommune:
Heimetenesta og Korttidsavdelinga på Furuhaugane Omsorgssenter
Førde kommune:
Heimetenesta og Korttidsavdelinga på Helsetunet
Helse Førde:
Somatiske sengepostar på kirurgisk og medisinsk klinikk, Førde
Målet med traineeprogrammet for sjukepleiarar er:
- Få auke personleg og fagleg tryggleik
- Få kunnskap og erfaring frå ulike avdelingar på ulike omsorgsnivå
- Få auka breidde- og samhandlingskompetanse
- Få auke forståinga for heilskapen i helsevesenet
Traineprogrammet ser slik ut:
- Tilsetting i 100 % prosjektstilling i ein av kommunane Flora eller Førde, eller i Helse Førde (Førde) i eit 2-årig traineeprogram
- Traineeprogrammet er oppdelt i 3 periodar à 8 månader, og traineen vert styrt gjennom ulike avd/einingar/tenester i ein av kommunane samt i Helse Førde
- Fellessamlingar med fagspesifikke tema, samhandling og etisk refleksjon
- Oppfølging individuelt på tvers av avdelingar/einingar
- Tilbod om fast stilling i den organisasjonen ein startar opp i etter gjennomført 2-årig traineeprogram
Kvalifikasjonar
- Ferdig utdanna sjukepleiarar hausten 2016 , eller våren 2017
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vere motivert for denne type jobb
- Like utfordringar og varierte arbeidserfaringar
- Vere fleksibel, positiv og ansvarsbevist
- Ha gode haldningar og vise andre respekt
- Vere lærevillig, strukturert og oppteken av å fullføre oppgåver
- Ha gode kommunikasjonsevner og refleksjonsevne
- Vere sjølvstendig samstundes som ein kan samarbeide godt med andre
Vi tilbyr
- • 100 % mellombels stilling i traineeperioden, og 100 % fast stilling etter gjennomført 2-årig traineeprogram
• Ordinære løns- og tilsettingsvilkår
• Ein spennande og utfordrande jobb
• Fagleg og personleg utvikling
• Nettverk med andre traineear
• Eit unikt innsyn i breidda og samhandlinga i helsevesenet
Kontaktinformasjon
Spørsmål til stillingane kan rettast til koordinator Leni Klakegg, 92411182.
Søknad
Det er felles søknadsadresse for Traineeprogrammet. Søk på stillingane med elektronisk søknadsskjema som du finn på www.flora.kommune.no.
Skriv ein utfyllande søknad der du også skriv noko om motivasjonen du har for å søkje på traineeprogrammet samt om du har anna relevante informasjon knytt til søknaden. Dette skriv du i feltet «Søknadstekst» i søknaden. Vi ber deg òg om å setje opp prioritert rekkefølgje for kva organisasjon du evnt. ønskjer fast stilling i etterkant av det gjennomførte traineeprogrammet.
Det er gjort endringer i helse- og omsorgstjenesteloven og helsepersonelloven fra 1.1.2017. Du må framlegge politiattest ved tilsetting.