Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Pusteteknikkar

I appen Pust Deg Bedre ligg det fleire ulike pusteteknikkar som skal hjelpe deg å dempe andenaud og kvitte deg med slim.

Under kan du lese litt om dei ulike teknikkane. Det er viktig med rettleiing og tilpassing av eit behandlingsopplegg med dei pusteteknikkane som passar for deg.
 
På den måten kan du sjølv vurdere kva du treng basert på kva du kjenner i luftvegane dine. I Pust Deg Bedre kan du sjå korleis desse teknikkane skal gjerast og kva som skjer i luftvegane når du gjer dei. Mesteparten av teksten under finn du att i applikasjonen.
 

I appen Pust Deg Bedre vert det ofte understreka at du skal puste med opne luftvegar. Kva dette vil seie, vert nærare forklart i teksten under.
 
Ein føresetnad for at du skal kunne losne og flytte slim effektivt, er at luftvegane vert haldne opne. Det er innpusten og utpusten som saman påverkar bevegelse av slimet. Når du jobbar med å losne og flytte slim for å fjerne det frå lungene dine, skal lufta passere fritt gjennom halsen/strupen. Dette vert kalla å puste med opne luftvegar.
 
Når du pustar inn og ut er luftstraumen gjennom halsen viktig. Det er fort gjort å bremse luftstraumen ved å strame stemmebanda. Du kan då høyre ein H-lyd på utpusten din. Når luftstraumen vert bremsa, vil hastigheita bli redusert, og det vert vanskelegare å fjerne slimet. Det er difor viktig å vere bevisst på dette når du losnar, flyttar og fjernar slim.
 
For å få eit tydelegare bilete på dette, sjå og les om metaforane “Seglbåten” og “Vegen” i Pust Deg Bedre.
 
Nyttige tips til kva du kan gjere for å opne luftvegane dine:
  • Dogge på speil/briller. Jo meir dogg, desto varmare luft = opne luftvegar
  • Puste på papir. Jo større bevegelsar i papiret, desto høgare luftstraum = opne luftvegar
  • Tunga opp i ganen. H-lyden forsvinn = opne luftvegar
  • Mini-PEP munnstykket på tvers i munn. H-lyden forsvinn = opne luftvegar
  • Røyr (ca 2-3 cm i diameter) i munnen. H-lyden forsvinn = opne luftvegar

Pust Deg Bedre: Pust med åpne luftveier, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

 
Referanser (åpnes i nytt vindu):

  • Kvilepust
    Kvilepust, som ikkje må bli forveksla med kvilepuls, er måten du pustar på når du er heilt roleg. Når du opplever andenaud bør du prøve å finne kvilepusten din. Kvilepust er grunnleggande for å kunne losne, flytte og fjerne slim. Dette fordi det betrar transport av luft inn og ut av lungene. Kvilepust sikrar også at medisinar (som inhalerast via kammer og forstøverapparat) kjem lengre ned i luftvegane kor dei skal virke.
  • Leppepust
    Leppepust brukast for å dempe opplevinga av andenaud eller førebygge andenaud i forbindelse med fysiske anstrengingar. Ved å puste ut mot samanpressa lepper, som om du blæs på suppe, roar du pusten din og pustearbeidet reduserast. Det gjer det mogleg for deg å holde ut lengre i fysiske aktivitetar og bidreg til at du opplever auka kontroll over pusten din. Slik vil du også oppleve mestring på tross av andenaud.
     
    Forsiktigheitsregel:
    Ved lungefibrose vil lungene dine vere stive og lite ettergjevelege når du forsøker å fylle dei med luft. Mange kan oppleve det som eit trykkande belte over brystet som strammast når ein forsøker å puste inn. I dei fleste tilfelle kor du har fått påvist ein slik tilstand vil ofte leppepust kunne bidra til å auke opplevinga av andenaud, og dersom du opplever det, skal ikkje teknikken brukast.
     
    Dersom du opplever å puste raskt og overflatisk i samband med f.eks fysisk aktivitet, kan du prøve å bruke leppepust for å snu eit strevsamt pustemønster. Om teknikken hjelper deg å puste roligare kan denne brukast når du treng den.
     
    Du kan ha behov for oksygentilførsel ved langtkomen lungefibrose, men dette må du ta opp med medisinsk ansvarleg lege.

  • Djupe innpust
    Djupe innpust vert nytta i forlenginga av kvilepust når ein ynskjer å losne slim som sit fast djupt nede i lungene. Når du tek djupe innpust, fordeler lufta seg godt ned i lungene. Lufta kjem på denne måten inn bak slimet som sit fast. Å få luft bak slimet er ein føresetnad for at utpusten skal kunne flytte slimet høgare opp. Når du så puster ut, vil slimet flyttast i luftvegane.
     
    For nokon hjelper det å legge til eit hald på innpusten, noko som inneber at du fortset å «stable luft» i lungene sjølv om dei kjennast fulle. Dette kan forsterke effekta av dei djupe innpusta, og bidra til at lufta får betre tid til å komme seg bak slimet.

  • PEP-fløyte
    Mini PEP- består av eit T-stykke, ein einvegsventil, eit munnstykke og ein motstandsnippel.
     
    Den skal tilpassast til deg av fysioterapeut. Når du bruker mini PEP skaper du eit positivt luftvegstrykk på utpusten. For å losne slim må du puste i mini PEP ei stund samanhengande (12-20 repetisjonar). Med riktig pusteteknikk vil du ved hjelp av PEP bli forhindra i å puste ut all lufta før neste innpust. For kvart pust vil du gradvis få meir luft i lungene. Dette mellombelse forhøgja lungevolumet bidreg til at lufta kjem bak slimet som igjen fører til at det losnar og flyttast mot munnen ved hjelp av utpusten.
     
    Kontraindikasjonar: 
    Dersom du har luft i pleurahula som ikkje er behandla med dren eller/og massivt blodig oppspytt, skal denne teknikken ikkje gjennomførast.

  • Flutter
    Flutter består av eit munnstykke, ei trakt og ei metallkule. Ved utpusten vil kula bevege seg opp og ned i trakta. Dette vil skape vibrasjonar i luftvegane dine på utpusten. Flutteren er også antatt å påverke slimets konsistens på ein måte som gjer det mindre seigt.
     
    Ved å ha stramme og flate kinn under utpusten vil vibrasjonane lettare forplante seg nedover i luftvegane. Dette kan gjerast ved å støtte kinna med ei hand eller stramme muskulaturen i kinna. Innpusten er ofte litt djupare enn vanlig og utpusten er aktiv og varar litt lengre på grunn av motstanden kula gir. Dersom du blir svimmel, ta ein pause. Det siste utpustet skal vere dobbelt så raskt som eit vanleg utpust.
     
    Forsøk å hald igjen hosten til du har gjennomført alle repetisjonane dine.
     
    Målet er å halde luftvegane opne slik at innestengt luft sleppast ut, og slim losnar og flyttast mot munnen.
     
    Regelmessig fjerning av kondens i trakt og på kule er også ein føresetnad for å oppretthalde vibrasjonen.

Støyt-teknikk

Støyt-teknikk er ein pusteteknikk som flyttar slimet opp mot munnen. Det gjer du ved at du legg ulik grad av kraft på ulike delar av utpusten, avhengig av om slimet sit høgt oppe eller langt nede. På denne måten utnyttar du hastigheita på lufta til din fordel, slik at du klarer å flytte slimet. Det er viktig å opne godt opp i strupen slik at du får høg hastigheit på lufta. På denne måten vil du klare å flytte slimet opp mot munnen.

  • ​Lange støyt 
    Lange støyt vert nytta for å flytte slim som ligg langt nede i luftvegane dine, slik at det kjem høgare opp mot halsen. Støytet startar med ei mindre mengde luft i lungene. Ved lange støyt er det viktig å legge forsiktig kraft mot slutten av utpusten. Når du har fått slimet høgare opp, kan du fortsette med korte støyt.

  • Korte støyt
    Korte støyt vert nytta for å flytte slimet fra midtre/øvre delar av luftvegane, og heilt opp til svelget/munnen. Ved korte støyt er det viktig å fylle lungene med luft før du legg god kraft på starten av utpusten. Støyten vert ofte spontant etterfulgt av teknikkar for å fjerne slimet, som hosting, harking og kremting.

Hoste

Hoste er ein viktig og naudsam refleks, der kroppen forsøker å fjerne framande element frå luftvegane. Det vil seie at dersom det kjem støv, partiklar, slim og puss i luftvegane, eller dersom slimhinna vert betent, så utløyser dette hoste, i kroppen sitt forsøk på å fjerne desse.
 
Hoste startar med eit djupt innpust. Med lungene fulle av luft stenger ein av i strupen. Når ein opnar strupen oppstår det høy hastigheit på utpusten. Det er hoste som fjernar slim. For at du skal klare å fjerne slim effektivt og skånsamt, er det viktig å få slimet langt nok opp i luftvegane før du forsøker fjerne det med hoste.
 
  • ​Undertrykke hoste 
    Mange opplever at hosting og harking ikkje passar seg i alle situasjonar. Resultatet blir ofte at slim som skulle vore fjerna, blir liggjande fordi ein lar vera å hoste. I sosiale situasjonar er det viktig at du lyttar til kroppen sine signal ved å hoste, kremte eller harke for å få fjerna slimet. Dersom det ikkje passar seg i den sosiale settinga du står deg i, vert det anbefalt at du trekker deg unna for å fjerne slim.
     
    Det er viktig å bruke tid på å fjerne slim når du har behov for det, og gjerne som ein av dine daglege rutinar, på lik line med at du f.eks. tek lungemedisinane dine. Ofte kan det vere nyttig å fjerne slim i forkant av trening og fysisk aktivitet, for å få best mogleg utbytte av aktiviteten. Slimet fangar opp framandlegeme i luftvegane og beskyttar på den måten dei små lungeblærene våre, kor gassutvekslinga skjer. Dersom slimet blir liggjande i luftvegane, kan framandleikamane feste seg, noko som kan gje sjukdom, f. eks lungebetennelse. Det er difor viktig å lytte til kroppen sine behov for å fjerne slimet ved å hoste det opp.

  • Slimhoste/produktiv hoste
    Det er hoste som fjernar slim. For at du skal klare å fjerne slim effektivt og skånsamt, er det viktig å få slimet langt nok opp i lungene før du forsøker fjerne det med hoste. For å få slimet høgare opp i lungene anbefalar fysioterapeuten ofte å bruke støytteknikk. Desse teknikkane er illustrert i appen Pust Deg Bedre. Lange støyt vert nytta når slimet er langt ute i lungene, korte støyt dersom slimet er nærare munnen. Dei fleste treng å hoste ein eller fleire gongar til slutt for så å svelge slimet eller spytte det ut i papir.​

  • Tørrhoste/uproduktiv hoste
    Tørrhoste eller uproduktiv hoste er hoste utan at det kjem opp slim. Denne hosten har ingen funksjon i seg sjølv. Det er vanlig under og etter luftvegsinfeksjonar, og skuldast irritasjon og kløe i luftvegane. Nokon vert også plaga med hosteanfall, som er veldig energikrevjande. Det er viktig å lære seg strategiar for å bremse ukontrollert hoste som ikkje har noko hensikt. Under hostekontroll vil du kunne lære meir om det.

  • Hostekontroll
    Teknikkar for å lære seg å kontrollere hostet er viktig både ved tørrhoste, hosteanfall og dersom du må flytte slimet høgare opp før du fjernar det. Under finn du nokon tips:

    Kvilestillingar: Finn ei stilling der du opplever å ha best mogleg kontroll på hosten.
     
    Svelge: Svelging (utan drikke) kan bryte hosterefleksen. Det å fukte svelget med varmt/kaldt vatn eller pastill kan stoppe hosten.
     
    Puste inn gjennom nasa: Etter ei hostekule har ein lett for å puste djupt inn gjennom munnen, noko som igjen kan trigge ytterlegare hoste. Forsøk å puste inn gjennom nasa etter hosten, for å få tilbake kontrollen.
     
    Puste med små volum: Pust kort inn og ut til du føler du har kontroll på hostinga.
     
    Leppepust: Lag lett motstand med leppene når du puster ut. Pust deretter inn gjennom nasa. Pustehjelpemiddelet Mini PEP kan óg forsøkast. Sjå appen «Pust Deg Bedre» for meir informasjon om desse teknikkane.
     
    Host/kremt mot lukka munn: Kan «kvele» hosten og bryte tørrhosten. Kan vere ein krevjande teknikk når ein hostar uavbrutt, men effektivt i nokre tilfelle.

Inhalasjon med dype innpust på forstøverapparat

Inhalasjonsterapi har fått aukande betyding i lungemedisinsk behandling. Felles for all inhalasjonsterapi er at medikament transporterast til lungene og luftvegane ved at den følgjer inspirasjonslufta (innpust- lufta). Riktig dosering er ein føresetnad, og justerast individuelt ut frå pasientens sjukdomsbilde. Likevel er det fleire faktorar som spiller inn for å oppnå eit tilfredsstillande resultat. Bronkodilaterande og slimløysande medikament inhalerast enten via pulverinhalator, spray eller inhalasjonsvæske på forstøverapparat. Val av utstyr, inhalasjonsteknikk, behandlingsstrategi og etterleving påverkar resultatet av inhalasjonsbehandlinga.
 
Les mer om utstyr, inhalasjonsteknikk og medikament på legemiddelhandboka.no
 
OBS: Inhalasjonar føreskrivast alltid av lege, gjerne i dialog med lungefysioterapeut.
 
Inhalasjon på forstøverapparat har som mål å transportere inhalasjonsvæske, det vil si medisinar eller saltvatn, til luftvegane. Avhengig av kva som inhalerast vil målet vere å utvide luftvegane, dempe eventuell tung pust, losne slim og betre slimtransporten. Om hensikta er å losne slim, vil inhalasjonar ofte inngå som ein del av behandlinga hos fysioterapeut. For best mogleg inhalasjonsteknikk er det viktig å finne ei god sittande eller liggande kvilestilling. Pust rolig inn gjennom munnen og la utpusten vere passiv og avslappa. Ta vekselvis eit djupare innpust med hald for at inhalasjonsvæska skal fordele seg langt ut i luftvegane. Inhalasjonar kan bidra til at du opplever betre effekt av pusteteknikkane du har lært. Inhalasjonane skal derfor alltid kombinerast med behandlingstiltak som losnar, flyttar eller fjernar slim. Dersom du har mykje slim som ligg laust i luftvegane dine, forsøk å fjerne dette i forkant av eller undervegs i inhalasjonane, avhengig av behov.

Inhalasjon på forstøverapparat

Inhalasjonsterapi har fått aukande betyding i lungemedisinsk behandling. Felles for all inhalasjonsterapi er at medikament transporterast til lungene og luftvegane ved at den følgjer inspirasjonslufta (innpust- lufta). Riktig dosering er ein føresetnad, og justerast individuelt ut frå pasientens sjukdomsbilde. Likevel er det fleire faktorar som spiller inn for å oppnå eit tilfredsstillande resultat. Bronkodilaterande og slimløysande medikament inhalerast enten via pulverinhalator, spray eller inhalasjonsvæske på forstøverapparat. Val av utstyr, inhalasjonsteknikk, behandlingsstrategi og etterleving påverkar resultatet av inhalasjonsbehandlinga.
 
Les mer om utstyr, inhalasjonsteknikk og medikament på legemiddelhandboka.no
 
OBS: Inhalasjonar føreskrivast alltid av lege, gjerne i dialog med lungefysioterapeut.
 
Inhalasjon på forstøverapparat har som mål å transportere inhalasjonsvæske, det vil si medisinar eller saltvatn, til luftvegane. Avhengig av kva som inhalerast vil målet vere å utvide luftvegane, dempe eventuell tung pust, losne slim og betre slimtransporten. Om hensikta er å losne slim, vil inhalasjonar ofte inngå som ein del av behandlinga hos fysioterapeut. For best mogleg inhalasjonsteknikk er det viktig å finne ei god sittande eller liggande kvilestilling. Pust rolig inn gjennom munnen og la utpusten vere passiv og avslappa.  Inhalasjonar kan bidra til at du opplever betre effekt av pusteteknikkane du har lært. Inhalasjonane skal derfor alltid kombinerast med behandlingstiltak som losnar, flyttar eller fjernar slim. Dersom du har mykje slim som ligg laust i luftvegane dine, forsøk å fjerne dette i forkant av eller undervegs i inhalasjonane, avhengig av behov.

Aktiv syklus

Aktiv syklus består av kvilepust, djupe innpust og lange/korte støyt. Teknikken inkluderer alle tre delane, men antal repetisjonar og rekkefølgja dei nyttast i kan variere etter behov.
 
Kvilepust skal nyttast etter behov i forkant eller etterkant av dei meir krevjande teknikkane, hovudsakeleg for å lette pustearbeidet og dempe andenaud. Her skal du puste slik du pleier, men ha fokus på roleg innpust med avslappa skuldre og passiv, uanstrengt utpust. Du skal puste med vanlege pustevolum, og med din normale pusterytme. Dette er ein viktig del av syklusen ettersom den regulerer luftstraumen og reduserer irritasjon og samantrekking av luftvegane.
 
Djupe innpust er aktive med påfølgjande passiv og uanstrengt utpust. Dei kan forsterkast ved hjelp av eit 2-3 sekunders hald ved at du fortset å stable luft i fulle lunger, dersom du orkar det. På denne måten får du større mengd luft i lungene, og trykkaukinga dette medfører, opnar alternative veger, som igjen bidreg til at lufta kjem bak slimet og lausner det.
 
Lange og korte støyt nyttast for å flytte og fjerne slimet. Gjennomfør 1-3 repetisjonar med periodar av kvilepust mellom. Det er viktig å tilpasse teknikken etter kvar sekretet sit. Det vert gjort ved å starte utpusten med riktig mengd luft i lungene og tilpasse lengda og krafta på utpusten. Ved lange støyt vert slimet flytta frå små perifere luftvegar til større sentrale luftvegar. Her startar utpustet med lite luft i lungene og støytet varer lenge med lite kraft. Ved korte støyt flyttast slimet frå dei store, sentrale luftvegane og opp mot halsen/munnen. Her startar utpustet med mykje luft i lungene og varer kort med meir kraft. Kort støyt etterfølgjast ofte av eit host/kremt eller hark for å fjerne slimet.

Autogen drenasje

Autogen drenasje er ein systematisk samansetnad av pusteteknikkar i ulike fasar, kor målsettinga er å losne, samle og fjerne slim frå små perifere til større sentrale luftvegar. Innpusten skal vere roleg og gjerne med eit hald viss du klarer. Dette for å sikre jamnare fordeling av lufta, samt at lufta kjem bak slimet og losnar det.
 
Ofte startar man utpusten med lite luft i lungene for å flytte slimet som sitter i dei små, perifere luftvegane. Når du høyrer og kjenner at slimet har flytta seg høgare opp mot munnen, startar du utpusten med gradvis meir luft i lungene. Det gjerast ved å ta gradvis djupare innpust. Mot slutten startar utpusten frå lunger fulle av luft og denne er kortare og litt kraftigare enn vanlig.  Avslutt gjerne med eit støyt eller host for å fjerne slimet.
 
Autogen drenasje er ein teknikk som passar for lungesjuke som strevar med moderate til store slim-mengder. Teknikken er avansert og krevjar motivasjon og innsikt, slik at du kan gjere sjølvstendige tilpassingar undervegs og etter behov.​

 

Sist oppdatert 15.12.2023