Behandling
Keisarsnitt
Keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep. Samanlikna med ein normal fødsel, er det høgare risiko for komplikasjonar hos både mor og barn ved keisarsnitt. Derfor skal keisarsnitt berre utførast når det er heilt nødvendig og det er medisinsk årsak som ligg bak avgjerda om å utføre inngrepet.
Tilvising og vurdering
Om du er gravid og har spørsmål om din føreståande fødsel, må du snakke med jordmor / lege som følger deg opp i svangerskapet. Dei vil kunne gje deg svar på spørsmåla dine og eventuelt tilvise deg til sjukehuset der du skal føde for planlegging av fødselen.Før
Under
Planlagt keisarsnitt
Om det blir bestemt at du skal forløysast med keisarsnitt, vil barnet bli fødd litt før termindato bestemt på ultralyd i veke 18. Dato for når keisarsnittet skal utførast, blir bestemt i løpet av siste del av svangerskapet, avhengig av kva som er grunnen til operasjonen.
Når datoen for keisarsnittet er bestemt, vil du få informasjon om når du skal møte på sjukehuset, førebuingar som må gjerast i forkant av operasjonen og levereglar i tida etter operasjonen. Det er vanleg at du må møte på sjukehuset dagen før eller nokon dagar før operasjonen for å ta blodprøvar, snakke med fødselslege, anestesilege og jordmor. Nokon drar heim etter dette og kjem tilbake til sjukehuset om morgonen operasjonsdagen, medan andre blir på sjukehuset natt til operasjonsdagen.
Bedøving
Ved planlagt keisersnitt er det vanlegste at du får epidural- eller spinalbedøveling. Bedøvinga gis på operasjonsstova. Du kan vere vaken under operasjonen, men du kan ikkje sjå kva legene gjør og du kjenner ikkje smerte. Då får du høyre barnets første skrik, du får sjå og om mogeleg halde barnet umiddelbart etter det er fødd. Følgepersonen din får også vere med under operasjonen og får oppleve dette saman med deg.
Med det same barnet er født, blir det tørka og lagt på brystet ditt om du er i form til det. Det er godt for mor og barn å liggje hud mot hud. Fysisk hudkontakt mellom mor og barn like etter fødselen er viktig for å etablere amming og tilknytting. Ved keisarsnitt forsøker vi så langt det er mogeleg å legge til rette for dette.
Akutt keisersnitt
Om det oppstår komplikasjonar under fødselen, vil det kunne bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein fødselslege som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.Den største forskjellen på eit planlagt og eit akutt keisarsnitt for deg og din følgeperson, er tida personalet har til å førebue og informere de om kva som skal skje. Om situasjonen til barnet eller deg er slik at inngrepet må skje med ein gong, er rask handling viktig. Det gjer at tid til informasjon undervegs kanskje ikkje blir optimal. Då vil informasjon og forklaring på kva som skjedde og kvifor, bli gitt etter operasjonen.
Bedøving
Når akutt keisersnitt er bestemt blir du så raskt som mogeleg, køyrd i seng til operasjonsstova. Anestesilege og fødselslege vil bestemme kva slags bedøving du skal ha. Du er vaken under operasjonen, og følgepersonen din kan som oftast vere med.
Om du må få narkose kan det ikkje vere andre enn helsepersonell til stades på operasjonsstova. Då vil følgepersonen din måtte vente på fødeavdelinga. Frå operasjonen startar til barnet er født, tar kort tid. Heile operasjonen kan ta ca. 30–60 minutt. Om ikkje barnet treng ekstra oppfølging etter operasjonen, kan følgepersonen ha barnet hos seg til operasjonen er over.
Etter
Etter operasjonen blir du flytta til postoperativ avdeling. Kor lenge du må vere på postoperativ avdeling er avhengig av årsaka til keisarsnittet og tilstanden din. Her blir du overvaka fram til tilstanden din er stabil, då flyttast du til barselavdelinga.
Etter eit keisarsnitt vil du trenge meir hjelp og tid til å komme deg i form. Oppfølging på barselavdelinga blir gitt ut i frå kvar enkelt sitt behov. Kor lenge du må bli på sjukehuset kan variere, vanlegvis nokon dagar. Heimreise blir avtalt med mor og vurdert ut i frå hennar og barnets behov.
Ver merksam
Som ved alle operasjonar er det ein risiko for komplikasjonar etter eit keisarsnitt. Dei vanlegaste komplikasjonane er bløding, infeksjonar og problem med å late vatnet. Etter at du har reist frå sjukehuset, må du oppsøke lege om du får teikn på infeksjon eller føler du ikkje greier å tømme blæra skikkeleg.Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kvinneklinikken
Oppmøtestad
Kvinneklinikken er på flyttefot
18. september begynte vi innflyttinga i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Inngangen til Livabygget, med mor-barn-avdeling, vil bli merka. Her finn du føde, gynekologisk sengepost og barneavdelinga. I begynnelsen av oktober flyttar kvinneklinikken sine poliklinikkar, som no heiter kvinnepoliklinikken, frå 6. etasje til dei gamle lokala i 5. etasje.
Med flytting følger det med litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så fort som mogleg. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som før. Velkommen til oss!
Føde- og barselavdeling
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten direkte ved oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka 15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Ved oppmøte i avdelinga etter klokka 15.00, ta direkte kontakt med personell på vaktrom i 5. etasje.
Gynekologisk sengepost
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 5. etasje, anten ved direkte oppmøte i luke eller ved telefonkontakt 578 39 233. Kontakt etter klokka15.00 til tlf: 578 39 233/578 39 132, då går telefon direkte inn på felles vaktrom for gynekologi, føde og barsel. Dersom du som pasient har fått time til konsultasjon føl du instruksen på innkallinga i høve oppmøtestad.
Føde poliklinikk
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00, på tlf: 578 39 233. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).
Gynekologisk poliklinikk
All kontakt på dagtid til sekretær i ekspedisjon i 6. etasje frå mandag - fredag frå kl.08.00 - 15.00 (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk). Telefon: 57839239/ 57839241
Amme poliklinikk - fredagar
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00, telefon: 578 39 233. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje.
Samtalepoliklinikk
Har du behov for fødselssamtale er det naudsynt med tilvising frå jordmor eller fastlege. Her treff du faste jordmødre som i tillegg til samtalepoliklinikken, jobber ved føde/barsel avdelinga. Oppmøtestad er i 6. etasje. Du må gjerne ha med partner under samtalen.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde