Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Et rom med blå dører og en blå sirkel på veggen

Medisinsk avdeling

Medisinsk avdeling er ei av dei største avdelingane i Helse Førde med tenester på Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Vi utgreiar og behandlar pasientar innan indremedisinske sjukdommar, med behov for både øyeblikkeleg hjelp og planlagde tenester.

Dei mest sentrale indremedisinske områda er sjukdommar innan hjarte, lunge, mage-tarm, nyre, infeksjon, diabetes og andre hormonsjukdommar, men og samansette sjukdommar innan eldremedisin. Vi har tett samarbeid mellom seksjonane i avdelinga for å sikre fagleg, god kvalitet og ressursutnytting.

Samla sett har medisinsk avdeling kring 7000 innleggingar årleg i tillegg til kring 20 000 polikliniske undersøkingar. Utover dette blir det også utført mange undersøkingar av pasientar som er innlagde. Av dagbehandling har vi m.a. 5000 dialysebehandlingar og om lag 1000 infusjonar (medikament gitt direkte i blodåre) innan ulike sjukdommar.

Avdelinga har fleire seksjonar fordelt på dei tre sjukehusa.

 

Kontakt

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

      Kurs og møter

      • Diabetes type 2, Lærdal
        3 dagars gruppeoplæring for deg med diabetes type 2 og dine pårørande.
        Diabetes type 2, Lærdal
        Dato passert
      • INR - eigenkontroll av Marevanbehandling
        Tilbod til pasientar som ønsker opplæring i eigenkontroll av Marevanbehandling.
        INR - eigenkontroll av Marevanbehandling
        17.
        oktober
        2024
        3 dagar
      • Å leve med demens
        Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått Alzheimers sjukdom eller vaskulær demens. Kurset er meint for deg og ein pårørande.
        Å leve med demens
        Dato kjem

      Kva med ungane når eg er sjuk?

      Råd til foreldre og omsorgspersonar når familien opplever alvorleg sjukdom.
      Last ned brosjyren (pdf)
      Barn-som-pårørande---folder-nett.jpg