Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En gang med kunst på veggen

Barn sengepost

Velkommen til Barne og ungdomsavdelinga i Helse Førde. Vi yter spesialisthelsetenester innan barnesjukdommar og nyføddmedisin. Vi behandlar barn og ungdom i alderen 0-16/18 år. Dei fleste som kjem til oss vert tilvist frå fastlege eller legevakt.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 5. etasje i det nye Livabygget. Ta heisen eller trappa som før. 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Praktisk informasjon

Apoteket finn du i 1.etasje.  

Telefon; 57839850 

Opningstider; 

Måndag-fredag; kl 09.00-16.00 

Laurdag-søndag; stengt 

I utgangspunktet er det ikkje fastlagt besøkstider ved Barne- og ungdomsavdelinga, men av hensyn til måltid og behandling, er det fint om besøk vert avklart med sjukepleiar på sengepost Barn og unge. 

 

Du står fritt i å velge om du vil ha besøk når du er innlagt på sjukehus. Gje beskjed til avdelinga der du ligg, dersom du ønskjer å leggje begrensingar for besøk når du er innlagt. 

 

 

Besøk nyfødtintensiv;

Mange av barna som ligger her er svært utsatt for infeksjoner. For å redusere infeksjonsfaren, må alle som besøker barnet være friske. Det vil sei at besøkande ikkje skal ha infeksjonssykdommer, forkjølelse, munnsår, influensa eller oppkast/diare. Du må heller ikkja ha vore i kontakt med barn som har smittsame barnesjukdommar. Vasskoppar er særleg farleg for nyfødde!   

 

Besteforeldre er, etter avtale med personalet, hjertelig velkomne til å helse på barnet. For å ivareta mest mulig ro og redusere smitte, må øvrige familie og venner vente med besøk til dykk kjem heim. 

 

Søsken er velkomne, men i periodar om vinteren er det stengt for søsken under skulealder på grunn av generell smittefare. Søsken over skulealder kan komme på besøk, men må då vere heilt friske og utøve god handhygiene. Forbudet er for å beskytte dei nyfødde ekstra godt. Dersom barnet har vært utsatt for vannkoppesmitte, eller har vannkopper, ber vi deg ta kontakt før du kjem til avdelinga. 

 

På nyfødtintensiv må alle besøkande vise ekstra omsyn til barnets behov. Avtal med sjukepleiar kortid det passar best med besøk. 

Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar.  

 

Smitterom

Dei som er isolert på smitterom skal halde seg på rommet og personalet hentar og bringer det dykk måtte trenge. Om det er noko du treng ringer du i den raude snora. Om de vil ut av rommet og gå ein tur ut skal ein utføre god handhygiene og gå direkte ut av avdelinga. Husk handhygiene før du kjem inn i avdelinga, og gå rett på rommet. Personalet bruker beskyttelsefrakker, munnbind og hanskar når dei er i nær pasienten. Dette for å ikkje dra smitte ut i avdelinga. 

 

Vask av privattøy

Vi ser helst at private kle blir vaska heime. Ved lange opphald eller ved mangel på kle, kan personalet vaske kleda i avdelinga si vaskemaskin.

Vi har eit fint leikerom heilt i starten av avdelinga. Foreldrene har ansvar for å passe på barnet, og rydde opp etter seg. Ta av sko og utfør handhygiene før du går inn på leikerommet. 

Barn på smitterom har desverre ikkje lov å bevege seg ut av rommet. Men vi har ulike leikar og aktivitetar som de kan få inn på rommet.  

Barnet og 1 foreldre har rett på mat når dei er innlagt. Personalet kartlegg evt allergiar ved innkomst til avdelinga. 

Dersom begge foreldre har pleiepengar under barnets opphald, vil begge få mat. 

 

Dei som ikkje er isolert på smitterom kan ete i kantina 4 .etg. (Det er også mulig for besøkande å kjøpe seg mat i kantina i 2. etg fram til kl.20).  

 

Opningstider i 4. etg; 

Kvardagar;                                                  Helg/helligdagar; 

Frukost; 07.30-10                                 08-10.30 

Lunsj;    10.30-12.30                            Ingen lunsj 

Middag; 13.30-16.30                         11.30-15 

Kvelds:  18 -20

Måltid etter kl 20 kan ein finne i kjøleskåpet i pasientkafeen. 

 

For dei som skal ete i avdelinga av medisinske årsaker, er det personalet som hentar og bringer maten. Dette gjer vi for å hindre evt smittespreiing og av hygieniske grunnar. 

 

Nyskjerrig på kva som er på menyen? 

Matilda Menu | Meny - Uke 4, 2025 | Førde Sentralsjukehus

Det er lov å bruke mobiltelefonar på avdelinga, men hugs at barnet treng merksemda di når det er sjukt. Vi ser helst at dykk ikkje tar bilder av prosedyrer barnet må igjennom og personell. Husk at bilder som blir lagt på nettet blir verande der også når barnet veks opp. Dersom du ønskjer å dele eit bilde der andre personar er med, må du spørre først.  

 

Mobilbruk på nyfødtintensiv er lov, men husk at dei må reingjerast før bruk inne med barnet. Sprit av telefonen og deretter utfør handhygiene. Mobilen skal vere på lydlaus inne på det store kuvøserommet. På familierom kan lyden vere på, men husk at høge lydar kan forstyrre premature barn.  

Barnet har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile sjukehusopphaldet. Omsorgspersonen kan vere hos barnet sitt heile døgnet. Hugs at barn som er sjuke treng ekstra tryggleik og nærleik til sine næraste.  

 

Om det er ønske om ekstra overnatting til øvrig familiemedlem kan ein leige seg rom på pasient hotellet. Dette ligg i 6 etg. Telefon; 57831790. Personalet på barn kan også hjelpe med bestilling av rom.

Andre overnattingstilbud er Førde camping eller hoteller nede i sentrum. 

 

Er barnet alvorleg sjukt eller begge foreldre har pleiepenger har begge foreldre rett til overnatting. Dette blir vurdert av lege. 

Barneavdelinga og nyføddintensiv held til i 5.etg på Førde sentralsjukehus. Ny avdeling som ligg i LIVA-bygget. 

Vaktskifte kl 07.15-08 

Legevisitt; 09.30-12 (kan variere) 

Vaktskifte kl 14.30-15 

Vaktskifte kl 21.45-22 

Legevisitt på kvelden ved behov.

 

Barne-og ungdomsavdelinga har "stille sjukehus". det betyr at personalet går med mobiltelefon. Når du ringer på ved å dra i ringesnor kjem alarmen på personalets telefon.

Alt personale ved avdelinga har teieplikt. Vi svarer difor ikkje på spørsmål om barna frå familie eller vennar utan samtykke frå familien. Vi kan heller ikkje svare på spørsmål om andre barn på avdelinga. 

 

Under legevisitt på kuvøserommet har vi hovudtelefonar med radio som de kan ha på når det er visitt hos dei andre barna.