Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Lærings- og meistringssenteret

Stadig fleire får kroniske sjukdommar og/eller nedsett funksjonsevne. Opplæring av pasientar og pårørande er ei av spesialisthelsetenesta sine fire hovudoppgåver. Våre kurs finn du under på denne sida.

Denne typen helsetenester krev brei tverrfagleg tilnærming og samarbeid på tvers av forvaltningsnivå og avdelingsgrenser. Ein overordna tanke bak pasientopplæring, lærings- og meistringsaktivitetar er at ansvaret i høve til konkrete diagnose/pasientgrupper ligg hos dei aktuelle fagområda. Dei har gjennom lovverket ansvar for pasientopplæring som ein del av sin "behandlingskjede".

Lærings- og mestringssenteret skal bidra til utvikling av gode metodar for kunnskapsformidling og koórdinere pasient- og pårørandeopplæring. Opplæringstilboda skal ha eit tverrfaglig fokus der erfarne brukarrepresentantar og/eller interesseorganisasjonar har ein sentral plass.

Fellesnevnaren for Lærings- og meistringssenteret er at ein i mange samanhengar fungerer som eit bindeledd mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

 

Fysikalsk medisin og rehabilitering

Oppfølging av heimebuande oksygenbrukarar

Pasient- og pårørande opplæring

Helse i arbeid

Nettverk for læring og meistring i Helse Vest

Smertepoliklinikk 

Her finn du oss:

Kart tilkomst Angabygget


 

 

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, LMS, postboks 1000, 6807 Førde.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Grunnetasjen i Angabygget (gamle psykiatribygget), ved Førde sentralsjukehus.
 
Sjå kart under nedtrekksmenyen "Les meir om Lærings- og meistringssenteret", lenger oppe på denne sida. 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

      Arrangement