Smittevern for kommunehelsetenesta
Smittevernet i Helse Førde er organisert i fag- og utviklingsavdelinga, seksjon for kvalitet og pasienttryggleik.
Med bakgrunn i blant anna «Forskrift om smittevern» og «Delavtale smittevern» som alle kommunane har med Helse Førde, bistår vi med råd og rettleiing i smittevern og førebyggande arbeid til kommunale helseinstitusjonar. Det er etablert ein smittevernkomitè med medlemer frå helseføretak og kommunar som skal drive førebyggande smittevernarbeid, arbeide med overordna satsingsområde for kommunane og å følgje opp delavtalen.
Sentrale punkt i arbeidet vårt er:
- Førebygging av Helsetenesteassosierte infeksjonar(HAI): som er infeksjonar påført under opphaldet
- Basale smittevernrutinar: som vernar både pasientane og dei tilsette
- Antibiotikaresistens: enkelte infeksjonar kan bli vanskeleg å behandle framover
- Handtering av utbrot som Norovirus og MRSA
- Infeksjonsovervaking (Prevalens og Insidens)
Prosedyrane som omhandlar desse punkta, skal vere tilgjengeleg i institusjonens Infeksjonskontrollprogram (IKP). Desse, samt undervisningar/førelesingar frå fagdagar ligg tilgjengeleg på sida her.

Laila Aarnes
Smittevernsjukepleiar med hovudansvar for kommunehelsetenesta
lailaLaila har ansvar for institusjonar i Solund, Gulen, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Høyanger, Sogndal, Kinn og Sunnfjord kommunar, i tillegg til Røde Kors Haugland Rehabilteringssenter.

Aina Helland
Smittevernsjukepleiar og kontaktperson Lærdal sjukehus
ainaAina har ansvar for institusjonar i Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Årdal og Vik kommunar.

Lise Karin Sørensen
Smittevernsjukepleiar og kontaktperson Nordfjord sjukehus
liseLise har ansvar for institusjonar i Stad, Gloppen, Stryn, Kinn og Bremanger kommunar.

Kari Holvik Furevik
Seksjonsleiar kvalitet og pasienttryggleik
kari