Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Om helsefellesskapet

Etablering av 19 helsefellesskap i Norge var eitt av tiltaka i Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020 – 2023, og bygde på ein avtale mellom regjeringa og KS om innføring av helsefellesskap for å skape ei meir samanhengande helse- og omsorgsteneste.

Sogn og Fjordane helsefellesskap vart etablert i desember 2021. I helsefellesskapet skal helseføretak og kommunar utvikle og planlegge tenestene saman som likeverdige partnarar. Representantar frå helseføretak, kommunar, fastlegar og brukarorganisasjonar møtast for å planlegge og utvikle tenestene saman.
 
Helsefellesskapa bør prioritere utvikling av tenester til barn og unge, personar med fleire kroniske lidingar, personer med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, eldre som lev med skrøpelegheit og kvinner gjennom svangerskap, fødsel og barseltid. Helsefellesskapa skal finne løysingar som er tilpassa lokale behov og føresetnader.
 
Helsefellesskapa bygger på følgande prinsipp:
  • tydlegare samarbeidsstruktur
  • betre felles planlegging
  • auka samordning
  • betre beslutningsprosessar
  • felles virkelighetsforståing
  • tydelege prioriteringar
  • felles sekretariatsfunksjon
 

Møteplan Sogn og Fjordane helsefellesskap 2025  

Partnarskapsmøtet  

Ettermiddagsmøte 

Onsdag 21.mai 

Førde sentralsjukehus 

Nettverkssamling 

 

Dagsamling 

Fredag 13.juni 

Thon Hotel Jølster 

Samhandlings-konferansen 

Dagsamling 

Torsdag 18.september  

 

Thon Hotel Jølster 

Møtevert 

FSU 

SSU 

 

Helse Førde  

22.01.25  

24.02.25  

 

Kommunane  

28.03.25 (Teams)  

14.05.25  

 

Helse Førde   

09.05.25 (Teams) 

30.09.25 (11-15) 

 

Kommunane  

11.09.25 

21.11.25  

 

Helse Førde  

06.11.25  

26.02.26 

 

Sist oppdatert 08.04.2025