Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
barn i leik

Individuell plan og koordinator

Alle pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett til å få utarbeida en individuell plan (IP). Planen skal berre utarbeidas dersom du sjølv ønsker det.   Uavhengig av om du ønskjer individuell plan, skal du som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester få tilbod om en koordinator i spesialisthelsetenesta og/eller kommunen.

Individuell ​​plan

Individuell plan (IP) er eit verktøy, eit planleggingsdokument, og ein strukturert samarbeidsprosess kor tenester frå ulike fag, nivå og sektorar sett i samanheng, og legg til rette for at du som pasient/brukar kan bli i stand til å nå dine mål. Planen skal oppdaterast kontinuerlig og være eit dynamisk verktøy i koordinering og målretting av tenestetilboda.

Dine mål, ressursar og heilskaplege behov for tenester skal danne grunnlag for val og prioritering av tiltak i planen. Det er derfor viktig at du som pasient/bruker deltar aktivt i arbeid med planen. Pårørande kan også medverke i planarbeidet om du vil.

Koordin​ator

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbod samt framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator blir oppnemnt i samband med individuell plan, men du kan nytte tilbodet om koordinator sjølv om du takker nei til individuell plan.​

Formålet​ med individuell plan og koordinator er å:

  • sikre at du som pasient/bruker får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • sikre din med- og påverknad
  • styrke samhandlinga mellom tenesteytar og deg som pasient/brukar og eventuelt dine pårørande
  • styrke samhandlinga mellom tenesteytarane på tvers av fag, nivå og sektor

Det er dei koordinerande einingane i helseføretaka og i kommunane som har det overordna ansvaret for arbeidet med individuell plan og koordinator.

 

Sampro - elek​t​​ronisk individuell plan

Sampro er eit elektronisk verkty for å betre samarbeidet rundt individuell plan (IP). Verktøyet er utvikla av Visma. 

Sampro:

  • er både ein kommunikasjonsplattform og elektronisk møtestad.
  • tilbyr sikker tilgang til elektronisk individuell plan.
  • er ikkje et fag- eller journalsystem. 

Det er den enkelte kommunen som kjøper seg inn og er ansvarlig for bruken av Sampro.  Visma drifter løysinga på kommunens vegne. Dette ansvaret reguleras gjennom ein  databehandlaravtale mellom kommunen og Visma.

Kvar kommune som tar i bruk Sampro peikar ut ein eller fleire lokale administratorar. Deira oppgåve er å sørge for at Sampro blir brukt i tråd med gjeldande forskrifter og avtaleverk.  Lokal administrator legg inn dei personane som skal ha rolla som koordinator i Sampro. Koordinatoren har rettigheit til å opprette ny plan og legge til plandeltakarar.  Arbeidet med kvar enkelt plan føregår i ansvarsgrupper.


Film om koordinator og individuell plan

e-læringsprogram om individuell plan og koordinator (.docx)

Individuell plan (helsedirektoratet.no)

Prosedyre for individuell plan

Oppnemning av koordinator​

 

 


Sist oppdatert 31.05.2022