Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Mattilbod i Helse Førde

Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte.

Opningstider kantiner

Førde sentralsjukehus

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Den har ope kl. 07.30-20.00 på kvardagar, og kl. 08.30-15.00 i helgene. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna godt.

Kaféen i 1. etasje har ope alle kvardagar kl. 09.00-15.00. Stengt i helgene.

  • Vi har pasientkafèar i 8.7.6. og 4. etasje.
  • Barn og føde nyttar pasientkafèen i 4. etasje. Det er også mogleg å bruke kantina i 2. etasje, sjå oppslag på dør for opningstider i din pasientkafè
  • Pasientar får måltida gratis
  • Gjestar ved pasienthotellet skal bruke kantina i 2. etasje til alle måltid. De må betale for måltida, men det er mogleg å kjøpe heilpensjon
  • Følgje/ledsager kjøper mat sjølv i kantina i 2. etasje, eller i kafèen i 1. etasje
  • Når følgje/ledsager overnattar på pasientrom, har de ansvar for å hente mat til pasienten i den kafèen de tilhøyre
  • Om du overnattar på pasientrom, og ikkje klarar å hente mat sjølv, ordnar personalet med mat til deg
  • Ved spesialkost (allergier/intoleranse) hentar du mat i pasientkafèen i den etasjen du høyrer til

Lærdal sjukehus

Open alle kvardagar frå kl. 10.30-14.30, og kl. 10.00-14.00 i helgene.
​Kantina ligg i underetasjen.

Nordfjord sjukehus

Open alle kvardagar frå kl. 10.30-14.00, og kl. 10.00-14.00 i helgene.
Kantina ligg i underetasjen. 

Indre Sogn psykiatrisenter

Open alle kvardagar frå kl. 10.00-13.30. Stengt i helgene.

 

Sist oppdatert 03.01.2025