Pasientreiser
Har du vore til behandling, kan du søke om å få pengestøtte til reisa. Treng du tilrettelagd transport for å komme til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.
Har du vore til behandling, kan du søke om å få pengestøtte til reisa. Treng du tilrettelagd transport for å komme til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.
Har du vore pasient, reisefølgesperson eller nær pårørande til ein pasient, kan du søke om pengar etter at du har gjennomført ei reise. Søknaden må sendast inn seinast seks månader etter at du var til behandling.
For å få pengar, må avstanden til behandlingsstaden vere lengre enn ti kilometer kvar veg, og gå over fleire takstsoner med offentleg transport.
Søk om reisestøtte
Ved å logge deg inn på Helsenorge, kan du søke digitalt om å få støtte til reisa til og frå offentleg godkjent behandling.
Om du ikkje vil bruke den digitale tenesta, kan du søke om å få støtte til reiseutgifter ved å sende inn reiserekningsskjema på papir til Pasientreiser HF. Søknadsskjema på papir finn du hos behandlaren din eller på Helsenorge.
Les meir om Pasientreiser (Helsenorge.no)
Behov for organisert reise?
Om du på grunn av helsa di eller trafikale årsaker ikkje kan reise med offentleg transport, køyre sjølv eller bli køyrd, kan du ha rett på ei organisert reise. Ei organisert reise (rekvirert reise) er når Pasientreiser i det lokale helseføretaket ditt organiserer reisa for deg, og vel det transportmiddelet som er mest formålstenleg.
Dagen du reiser må du berekne noko ventetid ut frå kor langt du må reise. Når det er mogleg, reiser du saman med andre pasientar. Du betaler berre ein eigendel for reisa, om du ikkje har fritaksgrunn eller frikort.
Les meir her: Organisert pasientreise – Helsenorge
Sjølvbeteningsløysing på Helsenorge
Ved å logge deg inn på Helsenorge, finn du oversikt over, og informasjon om, framtidige organiserte pasientreiser. Du kan også bestille, endre, avbestille og bekrefte organiserte reiser.
Om du ikkje kan eller ønsker å gjere dette digitalt, kan du kontakte Pasientreiser i det lokale helseføretaket ditt.
Nyheit 1. april 2025: Bestill reisa di sjølv
Om du har behov for ei organisert reise på grunn av helsa di eller trafikale årsaker, kan du få ein reiseattest og bestille reisa sjølv, eller reise med bil og få pengestøtte til reisa og tilleggsutgifter dekt.
Om du treng reiseattest på grunn av helsa di, er det behandlaren din som skal lage reiseattesten. Er det trafikale behov for attesten, som at det ikkje går offentleg transport på strekninga du skal reise, blir reiseattesten laga av Pasientreiser.
Ein reiseattest kan gjelde for enkeltreiser eller for ein periode på inntil eitt år. Reiseattesten gjeld for reiser til og frå det eller dei behandlingsstadene som blir lagde inn i attesten.
Du betaler ein eigendel for reisa, om du ikkje har frikort eller fritaksgrunn.
Les meir om ny løysing for reisebestilling her: Bestill reisa di sjølv – Helsenorge
Kontakt Pasientreiser
Har du spørsmål, treng du hjelp til utfylling av søknad eller bestilling av reise?
Ring Pasientreiser på 05515.
Du finn meir informasjon om pasientreiser på Helsenorge
Helsepersonell og andre fagpersonar finn meir informasjon om pasientreiser på pasientreiser.no