Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Sirkel

Identifisering av pasient

  •  Det er prøvetakar sitt ansvar å sikre at prøven blir tatt av riktig pasient. 
  •  Når pasienten er vaken skal han sjølv seie namn og fødselsnummer.
  •  Dersom pasienten ikkje er i stand til å stadfeste namn og fødselsnummer, må pårørande eller ansvarleg personale stadfeste pasienten sin identitet overfor prøvetakar. Gyldig identitetskort eller armband med pasienten sin identifikasjon kan nyttast.
  •  Identifikasjonen må stemme med opplysningane på rekvisisjonen og merkelappane. 
  •  Prøverør skal alltid merkast ved pasienten.
Nasjonal fagprosedyre for Pasientidentitet - sikring

Sist oppdatert 29.05.2020