Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
bilete i svart og kvitt som viser litt av ein laptop og eit dokument med søyler og tal

Korleis skaffe pengar?

Finansiering av forskingsprosjekt kan søkast om frå ulike stader. Søknader og godkjenningar skal arkiverast i saksarkivet til føretaket. Ta kontakt med HSF for å få tildelt eit prosjektnummer i økonomisystemet.

OVERSIKT OVER MOGLEGE FINANSIE​​​RINGSVEGAR TIL FORSKINGSPROSJEKT
(lista er ikkje fullstendig)

INTER​NT

Det er viktig å forankre prosjektet i avdeling og klinikk. Det kan finnast moglegheit for finansiering frå avdeling/klinikk til prosjekt, men det er svært sjeldan at det finst rom for det. Helse Førde har årlege utlysingar av opne midlar til prosjekt, inkludert stimuleringsstipend for PhD. Forskingsgruppene i Helse Førde, leia av Christian Moltu og John-Roger Andersen, har også høve til å støtte prosjekt med stimuleringsmidlar.

EKS​​​TERNT

  • Helse-Vest: Har årlege utlysingar av opne midlar til forsking, inkludert PhD og Post.doc-stipend. Søknadsfrist: 15 september. https://helse-vest.no/vart-oppdrag/vare-hovudoppgaver/forsking/forskingsmidlar.
  • Norges forskningsråd: Har fleire utlysningar kvart år innanfor ulik tematikk. Gå inn og sjå på utlysingslista på https://www.forskningsradet.no/utlysninger/. Hovudfristane til prosjekt innan helse er på våren (april-juni).
  • Extrastiftelsen: https://www.extrastiftelsen.no/. ExtraStiftelsen har fleire søknadsfristar for totalt fem ordningar: Helse vår og ExtraExpress (15 mars), forsking (1 juni), helse haust og ExtraExpress (15 september). Hugs at ein her må søke gjennom godkjente frivillige organisasjonar og at dei ofte har eigne søknadsfristar i god tid før Ekstrastiftelsen sine fristar.

Andre aktuelle ordningar dersom du har forskingskompetanse og solid forskingserfaring:

  • EU: Horizon 2020 og European research council
  • Det finst også ei rekke ordningar frå Innovasjon Norge og Norges forskningsråd for innovasjonsprosjekt.
  • Det kan også vere ein lur ide å sjekke om det finst «spissa legat» som går på akkurat det du held på med (http://www.legatsiden.no/omsiden.htm og legathåndboken).

 

 

Sist oppdatert 16.04.2024